Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameTor Kolbeinsson Jelle , 7C4R
Birth1863, Jelle, Stryn, Sogn og Fjordane
Death1940
OccupationGardbruker, hotelleiger og handelsmann
Alias/AKAThor Hjelle, Thor Colbeinsen Hjelle
FatherKolbein Lasseson Jelle (1829-1918)
MotherDorte Torsdatter Mork (1833-1896)
Spouses
Marriage1889
ChildrenDorte Thorsdatter (1890-1967)
 Elvina Thorsdatter (1892-1968)
 Kolbein Thorsson (1894-1965)
 Lovise Thorsdatter (1896-1985)
 Lorentz Thorsson (1899-1964)
 Ida Thorsdatter (1901-1995)
 Kristine Thorsdatter (1902-1987)
Notes for Tor Kolbeinsson Jelle
Grunnla i 1894 Hjelle Hotell i Oppstryn. Turistvegen over Strynefjellet, som opna 1894, var livsgrunnlaget for hotellet.

Vegen langs Strynevatnet var ikkje ferdig før i 1923. Til då trafikkerte dampbåtar ruta Mindresunde-Hjelle.

Thor Hjelle kjøpte eigen motorbåt ”Touristen”. Han var i 1910 med på å skipe det første ”turist-billaget”, saman med hotelleigar Karl Mjelva i Geiranger. Dei bygde sjølve tre bilar til selskapet på verkstaden til Mjelva i Geiranger, på chassis henta frå Tyskland. Seinare slutta ein vognmann på Otta seg til bilselskapet, som køyrde turistar Hjelle–Grotli–Geiranger–Otta.

Thor Hjelle bygde også det første meieriet i Oppstryn.

Hjelle Hotell, Oppstryn, grunnlagt 1894 av Thor Hjelle. Hotellet låg stategisk til då turistvegen over Strynefjellet mot Ottadalen vart opna 1894.

Vegen langs Strynevatnet kom ikkje før 1923, og turisttrafikken gjekk med med dampbåten ”Fridtjof Nansen” og hotellet sin eigen båt ”Touristen”.

Hotelleigar Thor Hjelle var også med på å starte dei første bilrutene for turistar i Nordfjord i 1910 (sjå "Automobilen kjem til Stryn"), og bygde det første meieriet i Oppstryn. I 1911 starta også landhandel på Hjelle.

Hjelle Hotell har vore drive av same familie sidan starten.

Dronning gav porselen
I 1896 vitja kong Oscar II av Noreg og Sverige hotellet saman med kronprinsen, og dronning Wilhelmina av Nederland budde frå 1912 årleg på hotellet fram til etter andre verdskrig. Som takk, gav ho hotellet ei samling Delft-porselen, som står utstilt på hotellet.

Relaterte linker og kilde:
http://www.hjelle.com
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjo...eksikon/1727383.html
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjo...eksikon/1768075.html
http://www.hjelle.com/historie-N.html
Last Modified 22 Aug 2020Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.