Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameMattis Bjarneson Mølster
Birth1704, Mølster, Voss, Hordaland, Norway
Death1759
OccupationKyrkjeverje og smed
FatherBjarne Mattisson d.e. Eide (1655-1733)
Spouses
1Ingebjørg Nilsdatter Eide , Half 7G Grandaunt
BirthEide, Voss, Hordaland, Norway
FatherNils Larsson Staup (1680-)
MotherSynneva Persdatter Hæve (1655-1746)
Notes for Mattis Bjarneson Mølster
Mattis Bjarneson f. 1704, g. m. Ingebjørg Nilsdr. Eide, døydde 1759. Han kjøpte i 1728 dei 2 pund 7 mark som faren hadde feste på, fekk 1733 hans part i garden og var soleis eigar av 2 laup i Mølster. Løysningsretten til 1 laup kjøpte Mattis i 1759 av kongen for 54 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Både Mattis og faren har vore verksame og hendige karar, som ymse arbeid etter dei syner. Mattis var liksom faren god smed og i fleire år kyrkjeverje. Det store loftet på Mølster, som etter tradisjonen skal vera eldste huset på garden, er umbygt i 1708. Vetlabui er bygd 1737. Lødebygningen skal vera frå 1680, men er seinare skruva upp og tilbygd fleire gonger. Stova som no er, skal vera sett upp ikring 1850.

Medan Mattis var kyrkjeverje, vitna han i 1746 um ein som hadde stole bly frå kyrkjetaket og laga seg byrsekulor av det. Tjuven vart dømd til å missa hovudet. Ved skiftet 1759 etter Mattis var jordgodset verdsett 312 rd. Bruttomidelen var 719 rd. 7 born: Bjarne, Nils, Erling død ugift, Gusskalk, Synneva, Ragnhild og Anna. Nils f. 1741, var kommandersersjant då han 1785 gifte seg med enkja Kristi Andersdr. og vart leiglending på Lisseim. Gusskalk f. 1746, g. m. Rannveig Davidsdr. Lunde kjøpte gard på Ringheim og var lensmann. Synneva kom til Hefte, der ho vart gift 1750 med Åmund Knutson. Ragnhild gifte seg 1758 med gardmann Arnfinn Åmundson Gjerde. Ho Anna gifte seg 1759 med Arnfinn Andersson og vart buande på Bryn.

Bjarne Mattisson f. 1735, gift 1763 med Brita Knutsdr. Bokkatun og døydde 1796, fekk i 1763 skøyte frå medervingar og andre på farsgarden for 260 rd. og åtte part i Raundalen.> Almenning. Ved skifte etter Bjarne var jordgodset verdsett 600 rd. og bruttomidelen var 1208 rd. Sju born: Mattis, Knut f. 1771, skulemeister og gardmann på Brekku, Rannveig f. 1764 g. 1. 1790 m. gardmann Johannes Olavson Store Ringheim, 2. 1804 m. Mattis Åmundson Hefte, Ingebjørg f. 1767, g. m. gardmann Mattis Arnfinnson Gjerde, Anna f. 1774, g. m. gardmann Gusskalk Olavson Uppheim, Marta f. 1766, gift til Lisseim med Johannes Styrkson og Ragnhild f. 1784 gift til Brekku med Torgeir Eirikson.

Relaterte lenker:
http://no.wikipedia.org/wiki/Mølstertunet
http://www.olavsrosa.no/en/objektinfo.aspx?id=27428
http://www.hardangerogvossmuseum.no/voss-folkemuse...e/moelstertunet.aspx
http://statigr.am/tag/mølstertunet
http://no.geoview.info/mølstertunet_pa_voss,2855028p
http://kalliope69.blogspot.no
Last Modified 25 Nov 2013Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.