Lasse & Anita - Person Sheet
NameBjarne Mattisson d.e. Eide
Birth1655, Eide, Voss, Hordaland, Norway
Death1733, Mølster, Voss, Hordaland, Norway
OccupationBr. på Mølster. Lagrettemann 1695-1706, kyrkjeverje. Flink smed var han òg.
Spouses
Birth1665
Death1749, Mølster, Voss, Hordaland, Norway
Notes for Bjarne Mattisson d.e. Eide
Bruk 1. Mølster.
Bjarne Mattison f. 1655 var g. m. Anna Erlingsdr. f. 1665. Han døydde 1733 og ho 1749. Han er kann henda etterkomar av Mattis Eide, som livde 1521 og Bjarne Eide som levde 1563. Bjarne tente i Prestegarden i slutten av 1600-talet, der han er nemnd 1682 og fleire gonger seinare.
I 1692 fekk han bygsla 2 laup i Mølster av enkja etter Klas Miltzow på Mosafinn på vilkår m. a. at han let Brynjulv Jonson Mølster få att <sin paaboende gaard Røe> og skulde betala makeskiftebygsel 15 rd.
Bjarne kjøpte so i 1711 av sokneprest Christen Weinwich 1 laup 17 mark i Mølster og bygsla 2 pund 7 mark av Knut Finne i 1721. Bjarne er oftare nemnd som lagrettemann 1695-1706 og var kyrkjeverje. Flink smed var han òg. Ved kyrkjevølingane i hans tid smidde han fleire gonger slike ting som trongst. Born: Erling f. 1688, Mattis, Nils f. 1705 og Rannveig. Erling reiste til Gudbrandsdalen. Fyrr han reiste, budde han eit par år i Funkehaugen. Nils gifte seg 1733 med enkja Marta Knutsdr. Gjelland og vart buande på Gjelland. Sjå boki um Dagestadætti. Rannveig var 1712 gift med Velom Gusskalkson Eide, gardmann på Eide.
Relaterte lenker:
http://no.wikipedia.org/wiki/Mølstertunethttp://www.olavsrosa.no/en/objektinfo.aspx?id=27428http://www.hardangerogvossmuseum.no/voss-folkemuse...e/moelstertunet.aspxhttp://statigr.am/tag/mølstertunethttp://no.geoview.info/mølstertunet_pa_voss,2855028phttp://kalliope69.blogspot.no