NameHans Pålsson Hamnarås , Half 8G Granduncle
Birth1661
Death1738
Notes for Hans Pålsson Hamnarås
Hans Pålsson Hamnarås (1661-1738) fekk skøyte frå far sin (Rike-Pål) i 1689, men han hadde vore i Ulvik sidan 1683, opplyste han som vitne i 1726. I 1701 kjøpte Jakob Widing Lysekloster?godset. Han påstod då at dei gardane Rike-Pål hadde overteke, var tilkome han på urett måte. Hans kunne då syna til skøyte til både faren og han sjølv, som synte at han var lovleg eigar av Øvstatunet på Oppheim. Hans var ein rik mann. Han åtte 4 laupar smør på Oppheim, 1 laup 2 pund 16 merker smør, 1 hud i Ø. Hakestad (han vart difor ofte kalla Hakestad), 2 laupar smør, 1 bukkeskinn i Nesheim i Granvin og elles i gardar i Ølve og Fjelberg. Det vart halde skifte etter han i 1738. På Sponheim, bnr.6 er det eit sølvbeger som tek 1/2 liter. Det ber initialane H.P.S. (Hans Påls Son) og A.I.D. (Anna Ivars Dott?er).