NameSamson Jonson Kvitno , 2C10R
Birth1645
Deathca 1732
Notes for Samson Jonson Kvitno
Samson er oppførd som brukar frå 1664, men viser til skøyte av 17/9 1676 og 2/11 1795 under den nemnde odelsløysingsaka i 1708. Saka vart vist til åstaden og me høyrer ikkje meir til henne. Samson var ein sers velhalden mann og åtte fleire garder. Dei siste åra var han blind. Segna seier at han brann inne i naustet sitt. Han ville kveikja pipa si og ein gleiste har fall i noko rusk. Saman med han og naustet brann to båtar, 10 våger never og 12 tyfter bord. I 1674 laut han og Eiliv og Knut Måge bøta for å ha siglt ei jekt heim frå Bergen på bededag utan å søkja kyrkje undervegs. Han er død mellom år 1730 og 1733.