Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameDaniel Alfson Bakke
Birthca 1620, Bergen
Death1695
FatherAlf Bakke
Spouses
BirthBergen
Death1721
FatherBastian Andersen Hess (ca1584-ca1677)
MotherLisbeth Schrøder (ca1595-1677)
ChildrenBastian Danielson (-1695)
 Kristen Danielson (1657-1732)
Notes for Daniel Alfson Bakke
b. Bakke br. 1
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010090208046?page=273

Daniel Alfsen (ca. 1620-95) var bergensar, og segna seier at han var «hanseat» frå Brandenburg; men det kan ikkje vera rett; for etter Bergens Borgarbok er han fødd i Bergen, og namnet lyder norsk. Men han kan ha tysk blod i årene sine. Han løyste borgarbrev i 1650.

Verfaren hadde kjøpt heile Eitrheim, og Daniel fekk garden tilskøytt 9/3 1667.

Same året fekk han løyve til å setja seg ned som priviligert kremar i Odda og bygde kremar-sete i Bustetun. (Sjà om dette i bd. I, s. 402).

Han bygde sagbruk pả Eitrheimstveit, åtte frå 1673 ein part i Opheim og i 1679-80 vart han eigar av Bakke.

Han åtte også Løyning.

Skiftet etter han er halde 17/9 1695.

Bruttobusummen er 590 rdl., og då er jorde-godset verdsett slik: Eitrheim 280 rdl., Bakke 40 rdl., øydegarden Tveit (Eitrheimstveit ) 18 rdl., Løyning 10 rdl. Kremargardshusa er vurderte til 24 rdl. Av andre ting i buet kan nemnast ei jakt, not-bruk, bordlager. Han hadde også skuld, så nettoen vart redusert til 290 rdl. Det vart i jordegods enkja og borna fekk arven sin.

Gift ca. 1650 m. Karen Bastiansdtr. (d. 1721) frå Bergen.

Born:
a. Bastian (d. 1695), tok borgarskap i Bergen i 1674, g. m. Margreta Hennings (d. 1733). Dei hadde desse borna: Daniel (d. 1730), g. m. Modesta Fester, Henning (d. før 1733), Margreta (d. ug.), Dirche, g. m. bakar Axel Svartkop, Bergen, Karen, ug., Bergen.
b. Margreta Bakke nf.
c. Kristen (1657-1732), b. Eitrheim br. 1.
d. Elisabet (1660-1727), g. 1. 1693 m. Sander Tjærandsen, b. Bustetun br. 4, g. 2. 1705 m. Anved Torbjørnson Ø. Børve U. br. 1, b. Bustetun br. 4.
e. Brita (d. 1713), g. 1684 m. Ola Amundson Sandvin br. 4, b. Eitrheim br. 1.
f. Maren, g. 1692 m. Jens Toreson Vasstun br. 1 og er dod barnlaus for skiftet etter faren hennar i 1695.

Eitrheim:
Daniel, eier av Eitrheim, er oppført som brukar på halve Eitrheim i nokre år, venteleg til 1684.
Last Modified 8 Oct 2024Created 6 Apr 2025 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.