Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameTrond Larsson Norheim 32, 11G Grandfather
Death1645
Notes for Trond Larsson Norheim
Trond er nemnd i diplomet frå Norheim av 1599 og er då med og løyser øydejordi Giervingaset som var pansett til Sandvenætti. I 1615 og 24 er Trond busett i Indre Ålvik, men kom til Tveit i året 1628. I 1734 vitna ein mann frå Litletveit i retten under ei åstadsak om bytet mellom Tveit og Indre Ålvik, at for 100 år sidan flutte Trond frå Ålvik og til Tveit. Då han budde i Ålvik ville han at bytet skulle gå frå “gjøtlen” ved sjøen, men då han kom til Tveit ville han ha bytet i Ranaskjer. Trond var ein rik og mektig mann i bygdi. Han åtte mykje jordegods soleis i sin åsetesgard Tveit 1/2 l., 13 mk. smør, 1 kalvsk. I Kvestad og Sætveit åtte han odel, og saman med Oddmund Nesthus og Jorunn Heradstveit åtte han odel i Nesthus og Norheim.

I skiftet etter Trond 1645 finn ein att noko av det jordegodset som Bothilda (Botell) og Onund Nesthus eig i 16.7, både i Svartveit, Måkestad og Steine.

(Tveit Ø. 108, Norheim 116 b)“s86“
Last Modified 27 Jan 2011Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.