NameArne på Kjosås
Notes for Arne på Kjosås
Nemnd 1603-1619.
Det er truleg at Arne var g. 2 gonger og at Brita var han 2. kona.
Arne var leiglending på Kjosås og einebrukar. I 1603 svarar han 1 dalar i festningsskatt i i 1606 gjev han 7 mæler i tiend. I 1615 åtte han 8 mk. smør i Espe og 6 mk. smør, 1 sausk. Vestrheim i Ulvik. Dessutan åtte han 2 mk. smør og 8 mk. salt i Rondalstveit i same bygd. I 1620 er Arne nett død og enkja Brita, reider ut tienden. Ved same høve vert det 2 brukarar på garden, idet Olav Arneson og enkja held på kvar si helvt.