Nils gjorde lagretteid i 1742 og var lagrettemann.
Nils bygsla bruket i 1734, med helvta i laksevågane, men vart ikkje brukar før i 1742. Han kjøpte bruket i 1765, saman med bruk C. eller 12 mrk smør i garden. I 1766 selde han desse 12 mrk. smør til broren Lars. Samstundes kjøpte han heile Øklandsgarden av Jan Jansen Frøchen for 400 rdl. men selde straks etter, bortsett frå eit bruk som dottera, Anna, g. m. Johannes M. nera Nese, arva etter han.
Nils brukte halve garden so lenge han levde. Han var velstandsmann. Skiftet etter han er ikkje å finna, men ein har skiftet etter Brita, i 1776. Buet åtte då, utanom jordegodset, netto 256 rdl. Noko bygningsverkty er nemnt. Likeeins 1 bibel, 1 huspostill, 4 salmebøker, 1 bok, “Den vandrende siæl”, og ei, “Nils Henningsen”. Buet åtte og helvta i ei sjøbu og i ei “udekvern”, men då husa på bruket var “i slet tilstand” skulle desse fylgja bruket, utan vederlag. Bruket vart utlagt på borna etter dottera som då var død.
Kilde, Brekke i Bømlo:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012041208088?page=499