Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameOla Salomonsson
Birth1680
Death1770, Sjøvoll, Bømlo, Vestland, Norge (Norway)
OccupationBr. på Sjøvoll i Bømlo
Spouses
Birth1675
Death1750, Sjøvoll, Bømlo, Vestland, Norge (Norway)
ChildrenBrita Olsdatter (ca1708-1776)
 Mari Olsdatter (ca1711-)
 Salomon Olson (ca1713-)
 Gyri Olsdatter (ca1716-)
Notes for Ola Salomonsson
Ola vart brukar i 1708 av halve garden, til han selde i 1751. Med kona vart han eigar av 1 l. smør, ½ hud i Søvold, og 6 mrk. smør i Grutle. Parten i Grutle selde han i 1754. Ola var ein dugande og vyrd mann i bygda, og velstandsmann. Han var presten sin medhjelpar og lagrettemann. I 1733 var han mellom dei 8 menn i skipreidet som vart innkalla av futen for å gjera greie for ymse lunnende i skipreidet.

Det vart halde skifte etter Idna i 1751. Buet var rikt. Netto var 270 rdl. utanom jordegodset. I buet var m. a. 1 sildenot og 1 sjøbu, 1 ottringsbåt, 1 kvern med hus, ikkje lite sylv, m. a. 1 sylvkjede med flaske, 1 sylvforgylt belte med 21 støler, spenne og “sprotter”, verd 8 rdl. Ola og Idna hadde delt noko sylv mellom borna. Mari hadde fått 2 nålekjeder, og so fekk ho utlagt eit til, dessutan 1 sylvskei og 1 sylvbeger. Ekkjemannen fekk utlagt 1 sylvgår, 1 sylvskei, 1 stor sylvstaup av gammaldags arbeid med fot under. På skiftet kravde Lars P. Øyjoro, som var g. m. eldste dotter til Idna, å løysa inn godset i Søvold., som var hennar odelsgods. Han lag 81 rdl. på bordet og bad Ola ta imot dei, so dei kunne unngå usemje og rettsak seinare. Lars var og viljug til å gjeva Ola godtgjerdsle for det arbeid han hadde lagt ned for å gjera bruket betre sidan han vart brukar, og meinte det var best å gjera saka av då. Men Ola svara at han var ikkje førebudd på å ta imot betaling då, og meinte at dersom saka kom for tetten, skulle han fåt rett til å bruka garden so lenge han levde. Dei vart ikkje samde, og skifteretten viste difor saka til “ordentlig Lans lov og Rett”. Ola laut likevel selja i 1751.

I 1712 vart Ola nemnd av Dirk Meyer i Bergen for 5 rdl., 4 mark. Ola ville ikkje betala avdi det var “hans formand” Jakob Endreson som hadde vorte skuldig pengane, men Ola vart dømd til å betala innan Mikkeli dag.

Kilde, Sjøvoll i Bømlo:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012041208088?page=461
Last Modified 19 Oct 2024Created 6 Apr 2025 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.