Lasse & Anita - Person Sheet
NameOddur "Norski" Gottskálksson , 1C13R
Birth1500
Death1556, Island
Alias/AKAOdd Godskalkson
Notes for Oddur "Norski" Gottskálksson
Ein av sønene hans var Odd Gotskalksson, fødd ca. 1500. Som ung var han mykje i Noreg hos farbroren Guttorm. På Island vart han difor kalla «Odd Norske». Si første geistlege undervisning fekk han i Bjørgvin. Sidan studerte han også i Tyskland, og vart der ein varm tilhengjar av lutherdomen. Ca. 1536 (Handegård opplyser at det var i 1520) kom han attende til Island, og vart då skrivar hos bispen i Skålholt. Han var ein lærd og dugleg mann. Han sette om noko av bibelen til islandsk, i tillegg til skrifter av Luther. I 1539 let han Det nye testamente prenta i Roskilde, det er den første boka som er prenta på norrønt mål. På tittelbladet kallar han seg «Odtt Norske». Odd Gotskalksson har fått tilnamnet «Islands reformator», men heldt seg utanfor religionsstridane på Island. Då han seinare vart lagmann tok han seg også mykje av kyrkjestellet på øya.
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Sunnhordlandsætter