Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NamePetur "Islænder" Oddsson på Fresvik , 2C12R
Birth1543, Hólar, Hjaltadal, Skagafjarðarsýsla, Iceland
DeathFresvik, Ullensvang, Norway
Spouses
Unmarried
ChildrenGudrun Persdotter (ca1563-)
Notes for Petur "Islænder" Oddsson på Fresvik
Segna seier at "Per Islendar" budde i Fresvik etter at han rømde frå Island for drap.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010090208051?page=521

"Per Islendar"

I Ullensvang-kyrkja finst ein gamal gravstein utan innskrift, og til steinen knyter denne segna seg:

«Per Islendar var lyst utlæg på Island for manndrap og måtte fara frå dei store eigedomane sine der. Han hamna i Hardanger, der han tok oppatt Fresvik, som hadde lege øyde etter Svartedauden. På sine gamle dagar, då han gjekk ut frå at uvenene hans på Island var døde, ville han ta seg ein tur heim til Island og sjå om eigedomane sine. Men han kom ikkje lenger enn ut pả Samlen, da vart han sjuk og døydde.»

Held me dette saman med dei islandske «Godskalk-annalane», så får me truleg både ei stadfesting og forklaring pa denne segna. Godskalk Nilsson frå Torsnes i Jondal var bisp pả Holar pả Island. Han var ille lika for di han var så grisk etter jord. Sonen, Odd Godskalkson, var ulik far sin. Han var ein mild og rettvis mann. Som gut vart han send til farbrorne sine pả Torsnes og i Bergen til oppseding, seinare studerte han teologi i Tyskland og vart gripen av lutherdomen. Difor søkte han ikkje prestekall, men vart lagmann pả Nord-Island. I all løynd omsette han Nytestamentet og ymse skrifter av Luther til gamalnorsk. Den fyrste boka som er prenta på norront mål, fekk han trykt i Roskilde i 1539 under forfattarnamnet «Odtt Norske». Han drukna i Lakså på ei embetsferd i 1556. Annalane fortel at Odd hadde ein son, Peter, som var gift, men reiste til Noreg og døydde der. Dersom Peter friviljug eller tvunge har lote fara frå Island, så er det rimeleg at han reiste til frendane sine i Hardanger. Det sjeldne namnet Peter bar han etter Peter på Sandvin og på Torsnes levde truleg enno farbroren Peter Nilsson. Øydegarden Fresvik er oppteken i mellom 1563 og 1590. Mellom dei to årstala må det vera at «Per Islendar» alias Peter Oddson har butt der.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010090208052?page=333
Last Modified 27 Aug 2023Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.