Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameOlav Torbjørnson Sandven 11, 10G Granduncle
Birthca 1560, Sandven, Kvam, Hordaland
Death1637, Sandven, Kvam, Hordaland
OccupationStorbonde, gardseiar, lensmann og lagrettesmann
FatherTorbjørn Olavson Sandven (ca1530-ca1605)
Spouses
Birthca 1580
Deathca 1658
FatherSimon Steinson Børve (ca1530-)
No Children
Notes for Olav Torbjørnson Sandven
(Sumt tyder på at Olav hadde eit uekte barn med ei Anna Jonsdtr.) (Ein Olav Olavson Sandven vart utskriven til Bremerholm i 1638, mogeleg son til Olav Torbjørnsjon.)

Olav er nemnd som busitjar på Sandven i tidi 1603-1635, og som lagrettesmann er han nemnd alt frå 1590 åri. Han bruka halve Sandven men åtte berre 2 laupar smør i denne garden. Men Olav var ein stor godseigar som i 1629 skatta av 20 laupar smør, 4 huder, 6 bukkeskinn, 1 geiteskinn, sauskinn, 9 laupar salt og 4 tunner korn omframt sin åsetesgard, Sandven. Han åtte heilt elles delvis desse gardane: Folkedal, Kvanndal, Hakastad, Hesthamar, Lote, Alvsåker, Hjølmo, Røyso, Bu, Møn, Moo, Store Rokne og Gjerstad på Voss. I Kvam åtte han luter i Øvsthus, Flotve, Steine, Århus og Mo i Øystese. Dessutan åtte han i storgarden Torsnes. Alt samlagt var dette slike eigner som ingen mann i Kvam har rådd yver, korskje før eller seinare, og han er den gjævaste bonden som har seti på gard i Kvam. I 1602 var han ombotsmann for Vikøy kyrkja og heldt då ei stor omsvøla på kyrkjehuset. Hans namn stod å lesa yver kordøri i gamlekyrkja til ho vart riven i 1836. I 1609 vart han bygdi sin lensmann og hadde ombodet til i 1622. Hans seglmerke er å finna på ei mengd dokument frå den tid, og det ser ut som han har vore “pott og panne” i bygdi. Olav og Jon Børve vart i 1608 sett under tiltale fordi dei hadde kalla ein ny prest til Vikøy, og laut bøta for det. Ein annan gong vart dei same tiltala fordi dei hadde teke imot og hyst ein rømling. Attåt jordbruket på Sandven som gav 14-15 mæler i tiend, dreiv Olav sagbruk i Kaldestadelvi, der det i 1625 vart skore 48 tylvter bord.

Olav skulle ha ei fosterdotter, Sella Haktorsdotter.
Last Modified 17 Dec 2005Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.