Tomas er nemnd som busitjar på Gjerde i 1657. Han er nemnd att i 1666 og var då 56 år gamall. Han er nemnd fleire gonger i tingboki som “Saugmester til Aldals Saug”.
I Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik B.2 av O.B.Skaatun, side 491 og 494 under Øpstad står det fylgjande: Tomas Tomasson f. 1610 d. på Gjerde i Samn. 1671 g. Magdele Andersdtr. Havnerås 1615-1671, syster til 'Rike Pål'. Dei budde på Øpstad 1645 til omlag 1655, åtte og brukte 3 spann og 3 g. sk. i Øpstad og gjorde makaskifte med soknepr. Samuel Loss og kappelan Jens Loss 20.4. 1654 mot 1 l.sm. i Gjerde i Samn. truleg etter pålegg frå kansler Ove Bjelke. Tomas flytte då til Gjerde.
I 1665 var Tomas Gjerde stemnd til tings av kallskapellanen hrr. Hans Pedersen (Denne personen er også i dette slektstreet), fyr di Tomas hadde teke sonen, Anders or tenesta hjå presten, endå han berre hadde tent halve året. Faderen møte i retten og orsaka guten med, at det var uråd å tena hjå hrr. Hans, der vanka berre hogg og slag; men det hjelpte ikkje, guten vart dømd til å tena året ut, og Tomas laut møta 5 merker sylv.
b. Øpstad, Fusa, 1645-ca. 1655
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030748542?page=497b. Gjerde, Samnanger, n. 1657 og 1666
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013120608138?page=435