Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NamePeder Ivarshus Rasmusen på Linga , 7G Grandfather
Birth1660, Store Linga, Strandebarm
Death1727, Store Linga, Strandebarm
OccupationBonde på Linga i Srandebarm
EducationTeologistudent
Alias/AKARasmussen, “Preste-Per“
FatherHr Rasmus Pedersen Linga (ca1625-1671)
Spouses
Birthca 1660, Skånevik
Death1711, Store Linga, Strandebarm
Alias/AKAMargrethe Eliasdatter Heltberg, Margrethe Eliasdatter Schonevig
MotherLisbeth Lauritsdatter Galte (1630-1690)
Marriage1688
Divorce1702
ChildrenIvar Pedersen (Illegitimate) (1679-<1701)
 Margrethe Pedersdatter (1690-<1711)
 Malene Pedersdatter (Died as Child) (1692-1693)
 Beate Pedersdatter (1694-ca1742)
 Bodil Pedersdatter (Died as Child) (1696-<1711)
 Malene Pedersdatter (Died as Child) (1697-<1711)
2Siri Larsdatter , Step 7G Grandmother
Unmarried
ChildrenTorbjørg Pedersdatter (Illegitimate) (ca1692-)
3Inger Farteinsdatter , Step 7G Grandmother
Unmarried
ChildrenJohannes Pedersen (Illegitimate) (1701-)
4Herborg Halsteinsdatter Rødi , Step 7G Grandmother
Birthca 1690, Rødi, Strandebarm, Hordaland
Death1740, Linga, Strandebarm
Alias/AKARød, Røen
FatherHallstein Aslakson Rødi (1648-1721)
Marriage1712
ChildrenMargreta Pedersdatter (1712-1785)
 Johannes Pederson (1715-1790)
 Peder Pederson (1720-1783)
 Rasmus Pederson (1721-1783)
 Herborg Pedersdatter (Died as Infant) (1723-1723)
 Herborg Pedersdatter (1724-1755)
 Malena Pedersdatter (Retarded) (1725-)
Notes for Peder Ivarshus Rasmusen på Linga
Han var mykje kvinnekjær, kom for retten. Og det var vel grunnen til mellom anna at han ikkje vart prest.

Peder fikk 2 lausunger. Han stakk av med den ene moren og fikk laget falsk kongebrev. Dette ble oppdaget, han ble fakket i Bergen og kom hjem i jern. Deretter ble han sendt til "bergverki i der Trondhjemske" høsten 1702. Kom hjem igjen i 1705.

Peder erva mykje etter foreldri, meir med kona. Etter foreldri hennar var det 32 garder som ga buet 3 403 riksdaler. Margreta erva Helland, og Store Linga i Strandebarm der Peder var bonde.

Peder vart skild frå første kona p.gr. av utruskap. Han hadde 17 born.

(Fusa III 67 Smngr. I b.)


1690-1727: Peder Rasmusson, son til presten Rasmus Pederson i Strandebarm (1660-1727), g. l. m. syskenbarnet sitt Margreta Eliasdtr. frå Skånevik (d. 1711), g. 2. 1712 m.  Herborg Hallsteinsdtr. Rødi br. l (d. 1740). Som nemnt ovf. arva Margreta garden og dei overtok han i 1690. Dermed flytte den ætti til gards som seinare har butt der. Peder byrja å studera, men kom ikkje vidare enn til student. Han arva ikkje so lite jordegods etter foreldri sine og var, ein velhalden mann. Det var noko i vegen med karakteren hans, og difor rota han seg opp i eventyr som vart til vanlukke for han. Evnene hans synest ikkje å ha vore serleg strålande etter dei litterære produkt han har etterlate seg, nokre rimeri på dansk og latin, soleis eit rosande diikt til presten Gjerdrum då Jondalskyrkja vart vigsla. Bygdefolket bruka han til fadder og kaveringsmann, og storfolket titulerte han <seigneur> og han var viss gjest i alle selskap. Ulukka hans var at han kunde ikkje lata gjentene i fred. Han fekk to lausungar i 1702 og av den grunn søkte kona separasjon. For desse <leiermålssakene> skulde han ha ein smekk og freista koma undan dette, ved å få ein mann i Bergen til å hjelpa seg med å laga eit falskt kongebrev. Dette vart oppdaga, og so rømde Peder med eine gjenta si. Han vart fakka i Bergen og kom heimatt i jarn. Halve buet vart tildømd kongen og han vart send til bergverki i <det trondhjemske> hausten 1702. Der var han 2-3 år, men i 1705 er han heime att, og framleis er han <seigneur> og velsedd fadder. Segnene kallar han aldri anna enn <Preste-Per>. Ein dag sette han seg i høgsetet og delte garden, og slik han der fastsette grensene, har dei sidan vore. Ein dag var grisene frå Litlelinga komne heim på bøen hans, han flaug etter dei med ein staur, men det røynde han for hardt, han seig saman og var død. Sjølv hadde han laga gravskrifti si (naturlegvis på latin): <Quid homo! Quid bulla! Nec nisi cylindrum! Sed mors Messiæ salus nostra — et cum Christo resurggre — nostrum est P. R. S. — Terra caduca vale — Vermes salve — Recumbo.> (Mennesket og støvet er berre eit hylster, døden åt Messias er vår frelse og å stå opp med Kristus vår vinning, P. R. S. (Peder Rasmusson). Farvel jorderik, vel møtt makkar! Eg legg meg til ro. Steinen låg på kyrkjegarden i 1825, men er no borte. Born l.: Elisabet (d. 1752), g. 1708. Hans Janson Hoidhus, som i 1731 <gik bort frå sit hus og siden ikke er seet levende eller død> (son: Rasmus nf. br. l), Elisabet vart i 1739 attg. m. Anders A. Eide, Hålandsdal, Beate, g. Fosse br. 3 som ho arva, 2.: Margreta, g. Ugletveit br. l, Malena, sinns juk, Herborg, g. Fosse br. l, Sesilia, g. br. 2, Elen, g. Berge br. 11, b. Tørvik, Johannes, b. br. 2, Peder (1720), g. 1752 m. Magdela Knutsdtr. Ø. Bru br. 2 (1726), b. Toftekalven i Skånevik, Rasmus, b. Y. Oma br. l.

http://no.wikipedia.org/wiki/Galtung
Last Modified 5 Oct 2010Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.