NameHallstein
OccupationBrukar på Dale
Notes for Hallstein
1563 finn me brukarane Eirik og Hallstein i skattelista. Dei betalar 1 dl. kvar. Om Hallstein er det dessutan opplyst at han var jordeigande bonde og at halvparten av landsskylda hans var 1 1/2 m. 4 sk. I ei jordebok 1590-91 får me veta meir om Hallstein. Landskylda på den jorda han brukar er 1 t. laks. Denne opplysninga saman med fleire seinare opplysningar tyder på at Hallstein var einaste brukar på Munkelivsjorda på denne tid. I leidang betalte han 1/2 p. smør, 1 ml. korn, 1 geiteskinn, 2 saueskinn, 1 kalvskinn. Fredtollen var 1 sau for året.