NameKnut Arnfinnson Bryn , 1C7R
Birth1774, Bryn, Voss, Hordaland, Norge
Notes for Knut Arnfinnson Bryn
Knut Arnfinnson kjøpte 1814 halve garden, men selde att 1835 til Mattis. Ved skifte 1841 etter han fekk enkja ein part av garden, bruk 4, for 200 spd. og Knut fekk resten av bruk 2 for 700 spd. Han selde same år bruket til Arnfinn Josefson Grovu, tok seg kår og døydde 1843. Han er umtala på Grovu.
Sonen Josef f. 1819, g. 1840 m. Brita Magnesdr. Rykke budde saman med foreldri sine på Bryn og fekk der borni Marta, Lars og Anna f. 1840-1848. Arnfinn selde garden 1852 til Hallvard Olavson Torblå, Ulvik, for 1180 spd. og både Arnfinn og Josef reiste med huslyden sin til Amerika. Hallvard let 1854 garden til sonen Olav for 600 spd. og budde sidan på Ronve. Olav selde att 1858 til Daniel Danielson Ljono, Ulvik, for 1434 spd. Han let garden 1860 til bror sin, Lars Ljono, for 1400 spd. Lars var f. 1827 og g. m. Kari Gunnarsdr.