Lasse & Anita - Person Sheet
NameOlav Knutson Espedal
Birth1672, Espedal, Hallingdal, Norge
Death1746
Alias/AKAStore (Nedre) Ringheim
Spouses
Birth1696, Villand, Hallingdal, Norge
Death1736
Notes for Olav Knutson Espedal
Olav Knutson Espedal frå Hallingdal kjøpte 1715 3 laup og makabytte 1718 med Ditlov Henrikson soleis at Olav fekk odelsretten til 2 laup på Mosafinn og Ditlov fekk 2 laup med odelsrett på garden Haug i Valdres. Knut Finne stemnde 1724 på vegne av Klas, son sin, på odelsretten som Olav Knutson hadde kjøpt av Kirsten Klasdr. Olav fekk 1726 ogso odelsretten åt Henrik Baltzer Miltzow på Mosafinn. Saki var fyre på tinget 1726 og det vart dømt at Olav skulde ha garden, men ved lagtingsdom 1728 fekk Knut medhald, og sonen Klas fekk same år skøyte på garden 3 laup. Olav har 1725 kjøpt av Henrik Miltzow 2 laup på Eimstad og 1 laup 18 mark på Nestås. I 1732 kjøpte han på Nedre Ringheim, der han vart buande.
Enkja etter Weinwich åtte garden (Nedre Ringheim) i 1709 og 1723. Mattis Person bygsla 2 laup av henne i 1709 og hadde det til etter 1736. Ho selde garden 1729 til kapellanen Morten Ruus for 450 rd., og han selde att i 1732 til Olav Knutson Mosafinn. I 1735 selde han slåtteteigen Taulen på Vossastrand til Olav Åmundson Heggland. Kapellanen Oluf Vardahl kjøpte i 1737 stovehuset av Olav Knutson for 66 rd. og budde der til i kring 1739.
Olav Knutson er skriven for Espedal, Hallingdal, då han 1715 var g. m. Jorun Aslaksdr. Villand i Hallingdal. Etter at han var utatt-trett på Mosafinn, som han hadde kjøpt, kom han til Ringheim.
Kilde:
http://www.ullstad.com/