Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameIngeborg Lind
Birth2 Feb 1746
Death7 Aug 1827
Spouses
Birth21 Mar 1745, Bynesset
Death26 Jul 1816
OccupationBiskop, sognepræst til KK 1774
Alias/AKANordahl Bruun
FatherSvend Busch Brun (1703-1784)
Marriage2 Sep 1773
ChildrenCatharina (1781-1812)
 Mette Johansdatter (1774-1844)
Notes for Johan Nordal (Spouse 1)
Norsk geistlig og dikter, en av stifterne av Det norske selskap i København. Er kjent som forfatteren av den kraftpatriotiske sangen “For Norge, Kjæmpers Fødeland” som i den dansk-norske helstaten fikk status som en slags uoffisiell norsk nasjonalsang. Som biskop i Bergen støttet Nordal Brun Christian Frederik og selvstendighetspolitikken. Nederlaget i den kortvarige krigen mot Sverige og Mossekonvensjonen skuffet ham dypt. Selv etter at unionen med Sverige var blitt uunngåelig, fikk han satt igjennom at utsendingene fra Bergen til det overordentlige storting høsten 1814 skulle forplikte seg til å stemme mot unionen.

---

Johan Nordahl Brun vart fødd i 1745 på Byneset utanfor Trondheim. Han reiste mykje rundt, og busette seg på fleire ulike stader i løpet av livet. Likevel bar han alltid på kjensla om at det var trønder han var. Han var ein framifrå dyktig lyrikar, dramatikar, salmediktar, folkeleg skribent, fengande predikant og talar. Og det var prest han i hovudsak skulle bli. Han tok teologisk embetseksamen i København. I 1772 vart han prest i heimbygda si. Halvanna år seinare sette han kursen mot vestlandet, nærare bestemt, Bergen. Her fekk han tittelen Biskop i 1803. Det var på ei av vitjingsreisene sine som Biskop at han vitja Stord. 

Men det var ikkje berre som prest og biskop Johan Nordahl Brun fekk merksemd. Han var og ein av forgrunnsfigurane då det Norske Selskab vart stifta. Det blei til i 1772, men vart offisielt stifta i 1774 og eksisterte fram til 1813. I denne perioden var det til saman 250 nordmenn i Danmark som var medlemmer, samt nokre danskar. Medlemmane var studentar, som i selskap fann fram til eit fellesskap medan dei opphaldt seg i København. Dei hadde fast møtestad i madam Juehls kaffehus. No kan ein gjerne få inntrykk av at det berre var kaffi dei drakk, men det høyrer med til soga at det var mykje alkohol som også blei konsumert i madam Juehls kaffehus.

Kampsongen, ”For Noreg, Kiempers Fødeland”, forfatta av Johan Nordahl Brun, har vore omdiskutert i norsk litteraturhistorie. Mange trur at bakgrunnen for denne visa var den same som Bjørnstjerne Bjørnson hadde for ”Ja vi elsker”. Han forfatta denne songen på bakgrunnen av den streke nasjonalkjensla. Nyare1700-tallsforking har synt at bakgrunnen vel så mykje for ”For Noreg, Kiempers Fødeland” var ei eksotisk fransk førestilling om at folk i Norden blei kjemper av å voksa opp i kulden. I historieverka kan ein lesa at foreldre i oldtida herda sine born ved å legga dei ut i snøen. Det siste verset av kampsongen lyder, ”Vi drikke nu til Ære!” Når sant skal seiast angra Nordahl Brun litt på dette diktet i ettertid, etter som han blei prest! Som eg nemnde tidlegare var det slett ikkje berre kaffi dei drakk. I sentrum for samværet stod punsjbollen. Studenttilværet har ikkje forandra seg så mykje sidan den tida, når det gjeld studentar og økonomi. Også i Det Norske Selskab kunne ein møta på blakke studentar, men skreiv ein eit godt vers vart det derimot verdsett med ein skål! Eit av måla til Det Norske Selskab var å gje uttrykk for den norske nasjonalkjensla. Dette blei gjort på ymse vis. Forfattarane skreiv drikkeviser, hyllingsdikt hyrdespel til kongehuset, syngjespel, nasjonale epos, forteljingar med stoff i frå norrøn tid, tragediar, parodiar, landskapsdikt og nostalgiske vers om heimlandet og fødestaden. Johan Nordahl Brun døydde i 1816.

Som sagt skreiv Johan Nordahl Brun svært mykje ulike litteratur. Noko av den mest kjende litteraturen er salmen, ”Jesus lever, Graven brast”. Dette er ei salme som står i den norske salmeboka. Ho vert enno sunge under påskehøgtida i mange kyrkjelydar. Visa,

”Udsigter fra Ulriken” eller Bergenssangen som han og vert kalla, er og ei av dei kjente visene Johan Nordahl Brun har forfatta teksten til.

Kilde:
https://www.geni.com/people/Johan-Brun/60000000057...=6000000013667019391
http://stud.hsh.no/prosjekt/nordbygd/kulturlandskap/txt_kart/JNB.htm
Relatert: http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesbok&bokid=jnbrun
http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listi...l=&spraak=#anker
http://no.wikipedia.org/wiki/Johan_Nordahl_Brun
http://en.wikipedia.org/wiki/Johan_Nordahl_Brun
http://www.bokselskap.no/forfattere/brun
http://snl.no/Johan_Nordahl_Brun/biskop_og_dikter
http://snl.no/.nbl_biografi/Johan_Nordal_Brun/utdypning
Last Modified 10 May 2012Created 1 Jun 2020 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland. Main page: http://www.look.no/anita/slekt