NameOlav Knutson
Birth1636
OccupationLeiglending på Vetle Ringheim 1701-
Notes for Olav Knutson
Klas Miltzow åtte i 1691 ? laup 9 mark i garden og ? laup 1 pund 15 mark var bondegods. Brukaren av det heitte Olav. I 1695 åtte kaptein Stoud ? laup 9 mark, Knut Nyre 9 mark og brukaren Knut 1 laup 3 mark. Olav Knutson f. 1636, var leiglending 1701 og til han døydde 1715. Borni hans var: Rognald, Mikkjel f. 1676, Gjertrud, g. m. Arnfinn Skulestad, Brita g. m. Nils Person Ringheim. Per Andersson Halden fekk 1708 skøyte på 2 laup i garden frå Laurits Miltzow. Då det vart tinglese, kom Brynjulv Lofthus med påstand um at Knut, son hans, var odelsboren til dette jordgodset og vilde løysa det. På tinget 1709 er lese skøyte til Knut Brynjulvson på 2 laup i Vetle Ringheim. I Odelsskattemanntalet 1714 er garden førd upp med 2 laup, som Knut Brynjulvson åtte. Nils, g. m. Brita Olavsdr., var brukar 1711, 1714 og Knut, g. m. Anna Jonsdr., i 1717 og 1728. Han makabytte i 1731 med Henrik Miltzow uti 1 laup 6 mark i Vetla Røte.