Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameOle Monsen 63, 6G Grandfather
Deathaft 1789
OccupationBr. på Lygra
Spouses
Death1743
Marriageca 1736
Birth1723, Grimstad, Lindås, Hordaland
Death1789
FatherOle Olson (1695-1760)
Marriageca 1746
ChildrenBrita Olsdatter (1739-1822)
 Rasmus Olson (1741-<1789)
 Mons Olson (1743-)
 Rasmus Olson (1745-)
 Turid Olsdatter (Died as Child) (1747-1750)
 Turid Olsdatter (Died as Child) (1751-1758)
 Siri Olsdatter (1754-1828)
 Ole Olson (1757-<1789)
 Turid Olsdatter (1759-1829)
 Martha Olsdatter (1761-1834)
 Olea Olsdatter (Died as Child) (1766-1772)
Notes for Ole Monsen
Ein veit ikkje kvar Ole Monsson var frå, heller ikkje når han var fødd eller når han døydde.

I 1736 fekk Ole bygselbrev. Magister Ludvig Daae, sokneprest i Lindås, kjøpte dette bruket på auksjonen i 1770 for 37 !/2 rd. Han selde til Ingeborg Olsdotter og Ole Monsson to år seinare for 80 rd. Ole meinte kjøpesummen skulle vera 60 rd. Saka kom for retten, og han måtte ut med dei siste 20 rd. Ole Monsson hadde det minste bruket, og det gjorde nok sitt til at han hadde vanskar undervegs.

Ole Monsson møtte i 1761 på tinget i Bruknappen saman med tre andre frå Innluro i ei sak dei førde mot Mikkjel Mikkjelson Brakøy. Ole Møtte rusa på tinget og gjekk til Åtak på lensmannen med “tumult og klammer” og krov å få tilbake ein bygselsetel som ein av grannane hans hadde lagt inn, “og endskjønt dommeren sagde hand vilde blive ham derfor ansvarlig, da den i retten beroede, vilde han dog ej nøyes, saa hand atter maatte udbringes af tingstuen, og udenfor døren blev staaende med bulder og skjenden. Da han kom paa gaarden, skieldet han lehnsmanden og de øvrige tilstedeværende, sigende: skam faa eder kieltringer allesammen”. Ole gjekk på nytt opp til tingstova og ville inn til domaren og sa at dersom sorenskrivaren hadde lagt hand på han, ville han slege att. No gav futen ordre om å ta han inn i ei anna stove og halda vakt over han der til han kom til sans og samling att, og det var først ved midnatts tider han fall i søvn.

Futen meinte Ole Monsson måtte “bøde noget anseeligt til justitzkassen samt sognets fattig casse samt dessuden inden retten at giøre vedbørlig atbigt”. Men allmugen gjekk imellom og ba “øvrigheden” vera nådig og tilgje han. Retten la vekt på folket si forbøn, men Ole måtte likevel betala 2 rd. til justiskassen, 2 til fattigkassen og 2 i sakskostnader.

Vel var det at han ikkje lan hand på sorenskivaren, for hadde det hendt, ville det stått om liv og eigedom for Ole.

Truleg var det den tinglesne bygselsetelen som hadde sett Ole Monsson i slik harnisk. Kven grannen var som hadde levert inn bygselsetelen, veit ein ikkje. Ingen av grannane på Lygra skifte bruk i desse åra. Ei forklaring kan vera at det dreidde seg om bygsla etter Ole Olson Grimstad, far til kona hans, Ingeborg Olsdotter. Etter Ole Olson Grimstad døde i 1760 kom bruket på framande hender. Bygselsetelen vart tinglesen same året han døydde.


Kilde, Lygra:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016070508028?page=323

Kilde, død?
https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000094181
Last Modified 11 Feb 2023Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.