NameGyrid Andresdatter , 20G Grandaunt
Notes for Gyrid Andresdatter
Gyrid Andresdtr.i Åkvik (Halsa eller Aure på Nordmøre). Gyrid kjøper seg provent hos korsbrørne i Nidaros og seinare gravstad i Nidaros Domkyrkje (1303). I samband med dette gjev ho bort ymse gardar på Normøre. m.a. noko i Gaupset (DN II nr. 68 og nr. 70). Det er og nemnd at sønene hennar har rett til å løysa inn gradane innan 5 år. Seinare høyre vi at ein Arne Eindrideson gjev bort like mykje i ein av gardane som det Gyrid har att av garden (Gaupset). Mardal tolkar dette slik at Arne må vera ein av sønene til Gyrid, noko som verkar logisk. Dette skulle då bety at mannen til Gyrid heitte Eindride. Mardal meiner at dette kan vera Eindride Arneson nemnd 1281 – 1296.