Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NamePeter Andresson (Edøy) , 20G Granduncle
Birthca 1260
Death1324
FatherAndres Pålson Plytt (-1280)
Notes for Peter Andresson (Edøy)
“Peter Andresson (Edøy) (ca 1260 – 1324 (1329) nemnd første gongen i år 1300 i DN I nr. 92. Her vert han nemnd som den siste av fleire stormenn. I 1309 vert han nemnd som ein av kongen sine fremste leiarar i Trøndelag, saman med herr Une Petersson, herr Sigurd lagmann og herr Serk på Austrått (DN I nr. 121). I 1311 vert han, etter instruks frå kong Håkon Magnusson og saman med Sigurd lagmann og Ottar lagmann, utnemnd til å døma i ein strid mellom kannikane ved Kristkyrkja i Nidaros på den eine sida og herr Serk og andre Austrått-menn på den andre om retten til å kasta [etter fisk] fra Vilungæ nese i Hassel(vika) (DN I nr. 127). I 1314 gjev Peter Andresson ymse gardar på Nordmøre til dotter si Isabelle, i medgift då ho giftar seg med Sigurd Jodgeirsson (Lande) (DN II nr. 120) (Sigurd Jodgeirson Lande var m.a. ombudsmann for Erling Vidkunnsson). I eit domsbrev datert Bergen i 1324 vert Peter Andresson nemnd som den første blant dei verdslege stormennene. Dette er vel siste gongen Peter Andresson er nemnd i live. (DN III nr. 64).”
Last Modified 25 Feb 2006Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.