Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameGusskalk Knutson Eide , 2C6R
Birth1762
Death1825
FatherKnut Gotskalksson Eide (1734-1780)
MotherAnna Olavsdatter Liland (1739-1793)
Spouses
BirthFinne, Voss, Hordaland, Norway
FatherKnut Nilsson Finne (1741-1807)
Marriage1795
ChildrenAnna Gusskalksdatter (1796-)
Notes for Gusskalk Knutson Eide
“Eldste sonen Gusskalk Knutson fekk skøyte på garden 1789, 1792 og 1793. Det var ialt 3 laup 1 pund 9 mark. I 1811 kjøpte han stølsbeitet Torvneset på Småbrekku i Bergsdalen. Ved skifte etter Gusskalk var alt jordgodset verdsett 1000 spd. og skogen 200 spd. Han var gift med Margreta Knutsdr. Finne, døydde 1825, og hadde sju born: Knut d. e. f. 1801, Olav f. 1804, gift til Liland, Nils f. 1806, gift til Flògo med Kari Monsdr., Knut d. y. f. 1813, død i borgarkrigen i U. S. A., Anna f. 1796, gift til Lydvo med Mass Eirikson, Kirsti f. 1799, gift til Veka med Lars Eirikson, Brita f. 1809, gift til Finne med Knut Klasson.

Eldste sonen Knut Gusskalkson fekk i 1839 skøyte frå mori og syskini på farsgarden for 1100 spd. Knut var gift fyrst med Brita Knutsdr. Røte, andre gongen 1842 med Brita Johannesdr. Hovda og døydde 1885. Med fyrste kona hadde Knut dotteri Margreta f. 1832, og med andre kona tri born: Brita d. e. f. 1845, Brita d. y. f. 1848, gift til Seim, Viki, med Nils Eirikson, Anna f. 1850, gift til Seim med Olav Nilsson.

Eldste dotteri Margreta vart gift 1860 med Ivar Ivarson Bø. Dei fekk garden i 1864 for 900 spd. Ho Margreta døydde 1904 og han Ivar 1910. Dei hadde sonen Ivar f. 1868. Han og halvbroren Gusskalk Steffason, som var son hennar Margreta, fekk kjøpekontrakt på garden i 1905. Ivar Ivarson gifte seg med Elisabet Hansdr. Såkvitno og døydde 1922. Gusskalk f. 1856 var gift med Ingebjørg Gusskalksdr. Uppheim og døydde 1922. Ho fekk i 1923 skøyte frå buet etter Ivar på hans part i garden for 3750 kronor.”

Kilde:
https://www.ullstad.com/vossaboki/eide.php
Last Modified 9 Oct 2021Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.