Fredrik Fleischer kjøpte i 1865 eigedomen for 2295 spd. etter at Inr. 100 a 2 var fråskilt og seinare selt til utskiftingsformann Albert Heiberg. Fredrik Lyth Ørum Fleischer var fødd 1835, døydde 1906 og var gift med Magdalena Margreta fødd Schlanbusch 1839. Ho døydde 1915. Dei heldt fram med bakeriet og handelen i lengere tid og leigde krambui i Pålhuset. Skyss-stasjonen hadde dei til 1901. Hotelldrifti heldt dei fram med. Det var 16 gjestesenger i det gamle hotellet deira.
I 1870-åri bygde dei nytt tohøgda hus ("Vetlebygningen"), der dei fekk fleire gjestesenger og krambu i kjellarhøgdi. Handelen vart so flytt dertil. I 1887-88 bygde Fleischer ny stor hotellbygning på dei gamle tuftene, men umlag ferdigt til å takast i bruk brann det ned natti til 13. mai 1888. Han bygde so på nytt lag det hotellet som no står der. I det er umlag 70 rom med 120 gjestesenger, matsal til 200 menneske, hall, røykjerom, damesalong, billardrom og bad. Fleischer arbeidde hotellet fram til eit av dei beste i landet.
Det har havt god søknad og vore vitja av mange fyrstelege personar, kongar og andre framståande menn. Av slike kann nemnast kong Oskar II som kronprins i 1872 og som konge 1880 og 1896, kong Edward som prins av Wales 1885, keisar Wilhelm II 1890, 1894 og 1896. Keisarinne Augusta Victoria var med i 1894. Vidare kong Leopold av Belgia 1896 og 1900, kong Gustaf av Sverike som krunprins 1898, dronning Mergherita av Italia 1903, kong Kulalongkorn av Siam 1907, kong Fredrik av Sachsen 1908, kong Håkon VII1908, 1909 og 1914, og dronning Wilhelmina av Holland 1928.
Fredrik og Magda Fleischer hadde 3 born.
Kilde:
http://www.ullstad.com/
https://www.bt.no/btmagasinet/i/0EaKq2/Fra-Miss-Ri...leischers?spid_rel=2Kilde, GENI:
https://www.geni.com/people/Fredrik-Lyth-Fleischer...=6000000015018605492