Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameAnders Olavsson Fossmark , 1C9R
Birth1716
Death1777
OccupationBruker på Fokstad
Alias/AKAAnders Olsson Fokstad, Fausta, Faustad
FatherOlav Fabionsson Fokstad (1677-1718)
Spouses
Birth1725, N. Askeland, Haus, Vestland, Norge (Norway)
Death1811
MotherKari Monsdatter Ø. Mjelde (1674-1764)
Marriage1743, Haus prestegjeld, Arna sokn, Vestland, Norge (Norway)
ChildrenOlav Andersson (Died as Infant) (1744-1744)
 Olav Andersson (1745-1799)
 Kari Andersdtr. (1752-)
 Johannes Andersson (1754-1830)
 Marta Andersdotter (1758-1839)
 Nils Andersson (Died as Infant) (1762-1762)
 Gjertrud Andersdatter (1768-1771)
Notes for Anders Olavsson Fossmark
Bustad: Fokstad i Vaksdal.

Fokstad BRUKARAR FØR 1836: 1738 skøyte til Anders Olsson Fossmark, son åt Magdeli Johannesdtr. øvste Mjelde i hennar 1. ekteskap. Skøytet var utskrive av den 3. mannen hennar, Anders Nilsson Helle. Sjå Fossmark bnr. 5 og Helle bnr. 1. Anders 1716-1777 gifte seg 1743 m. syskinbarnet sitt, Kari Johannesdtr. Nordre Askeland 1725-1811. Anders og Kari, som båe var barneborn av lensmann Johannes Øvste-Mjelde, fekk ved arv og skøyte fleire store jordeigedomar. I skiftet etter faren 1749 fekk Kari utlagt i garden Dyvik 18 m. smør for 36 rdl. I skiftet etter mora 1765 fekk Kari utlagt 1 pd. smør i Dale. 1777 gjorde Anders makeskifte med Anders Johannes Ytre Arne, og fekk ved det endå 10 m. smør til i Dale. 1777 var det han åtte i denne garden verd 68 rdl. Etter halvsystra Marta Olsdtr. Hundhammar ervde Anders 1764 16 1/2 m. smør i garden Røskeland i Mjelde skipreide, verd 27 rdl. 3 mark. 1760 skal han ha fått skøyte på 1/2 laup smør i øvste Mjelde, verd 120 rdl. Men denne parten skal han seinare ha overlate til sonen Johannes. Sjå nedanfor. Dei andre jordeigedomane, med eit samla verde på 191 rdl., var med i skiftet etter Anders 1777. Nettoeiga var 332 rdl. 3 m. 4 sk.

Anders må ha vore ein av dei rikaste og mest velvyrde mennene i Bruvik sokn i si tid. Han var fleire gonger lagrettemann, og han var medhjelpar for soknepresten i Haus, Hans Michael Stub Arentz. Dotter åt presten, Charlotte 1767-1830, vart 1798 gift med Johannes, son åt Anders. Johannes hadde overteke ein part i Øvste Mjelde. I «Bruvik, kyrkjor og kristenliv» s. 167 vert det fortalt at Johannes kom til Haus som gjetargut. 1783 vart han lensmann i Ama skipreide. 1799 døydde sokneprest Arentz. Charlotte og Johannes Fougstad busette seg då i Alversund. Dei hadde ein son, Carel Andreas Fougstad. Han var borgarmeister i Christiania 1850-1868. Ei gate i hovudstaden er oppkalla etter han.

http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Gnr._6_Fokstad/Faugstad
Notes for Anders Olavsson & Kari Johannesdatter (Family)
Last Modified 27 Feb 2022Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.