NameNils Vikingson Tvilde , 1C9R
Birth1719, Tvilde, Voss, Hordaland, Norway
Notes for Nils Vikingson Tvilde
Nils Vikingson Tvilde f. 1719, umtala ovanfor, vart 1751 gift med Anna Åmundsdr. Bjørku og var leiglending på Tvilde i 1770-åri. Tradisjonen fortel at Nils vart uppsagd på Tvilde og vart husvill. Han sette då <alt sitt goa> under ei gran på Gjerdåkshaugen, reiste til kongen og klaga si naud. Kongen lovde at Nils skulde få bygsla den garden som fyrst vart bygsleledig. Likte Nils seg ikkje der, skulde han få den garden som deretter vart ledig. Mala vart fyrst ledig og Nils tok han, men likte seg ikkje der og då heile garden Kvåle i Rd. vart ledig, fekk Nils bygsla den. Pantebøkene syner at i 1779 har presten E. A. Meldal bygsla til Nils garden Mala og ? laup i Kvåle Rd. Framhald på Kvåle.