Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameDavid (Knutson?)
Birthca 1607
OccupationLagrettemann 1648-1674
MotherDavidsdatter (ca1590-)
Spouses
Marriagebef 1645
No Children
Notes for David (Knutson?)
“David er ofte skriven som brukar på Møn 1629-1664 og åtte 2 laup på Møn 1635, 1652, 1 laup 1659, 1½ laup 9 mark i 1661. David Møn er i Skattemanntalet 1645 for Granvin skriven som eigar av ein part i Brekke, Granvin, og hadde bygsleretten til halve garden. I 1647 åtte han mest halve Brekke og 1663 ½ laup smør og 1 tunne salt av garden. I Skattemanntalet 1653 står han som eigar av Mo'o saman med ein annan. David åtte 1652 og 1659 2 pund i Mo'o, 1659 1 spann på Haugo og 1682 1 laup 1 bukkskinn på Nedre Fenno. Han var ofte lagrettemann 1648-1674. På tinget 1670 vart vitna at David hadde hogge timber i Almenningen. Han stemnde 1656 Nils Stuarjo for di han og båe sønene hans hadde brote seg inn på Møn tridje joledag, truga ein gjest på livet, jagt borni åt David til skogs og lovt at det skulde koma ei ulukke på Møn.

Det ser ut til at David Møn må vera same mannen som David Mo'o. Han er førd upp i matrikkelen 1667 som 60 år gl. og budde då på Mo'o. Han skal vera dotterson til presten David Petræus i Granvin. I Skattemanntalet 1666 er uppført David Mo'o som 22 år gl. og i folketeljingi 1701 som 60 år gl. Dette må vera soneson til fyrr nemnde David. Det høver og godt med at Styrk på Møn er kalla uppatt med Styrkår på Mo'o.”
Last Modified 22 Jan 2020Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.