Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameMikkjel Tvilde , 11G Grandfather
Birthbef 1540
Deathca 1615
OccupationLensmann på Voss
Alias/AKATwille
Spouses
1Marta , 11G Grandmother
ChildrenHallbjørg Mikkjelsdatter (ca1580-ca1670)
Notes for Mikkjel Tvilde
Mikkjel Tvilde er førd upp mange gonger i tidi 1563-1614 som brukar på Tvilde. 1563 betalte han 1 dalar i skatt og 18 skill. i landskyld og brukte 1567 og 1591 1 spann i Tvilde som stiftet åtte. I 1597 betalte han tridje års bygsel for 1 spann som stiftet og kruna åtte, med 5 skill. I 1603 åtte han 4 laup jordgods. I 1611 og 1614 åtte han 10 laup jordgods, truleg i ymse gardar og var framleies leiglending på 1 spann. Mikkjel er nemnd som lensmann på Voss i fleire brev som han har vore med å utferda i tidi 1585-1590. Eit av dei melder at Mikkjel i 1585 saman med fem lagrettemenn kunngjer um skifte av noko jordgods, og millom det er 3 spann i Tvilde som far hans Eirik Andersson har ått. Mikkjel har i 1590 saman med seks lagrettemenn teke tingsvitne trieinings-sundag på kyrkjebakken på Vangen etter gudstenesta um noko jordgods. Mikkjel må vera fødd ikkje seinare enn 1540, var g. m. Marta og er død ikring 1614-1617. Ei dotter Hallbjørg er kjend, men det var visst fleire born.

Kanskje bror til Peder Tvilde 'unge kompann' og senere fogd (77 og 131):
http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listi...antinnlegg=131#anker
Last Modified 10 Mar 2007Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.