Bygsla 1695 1 laup 18 mark. Mikkjel Olavson Ringheim, g. m. Marta, dotter åt Steffa Bjarneson Dagestad på Grevle, åtte 2 pund 9 mark i Dagestad. Mikkjel stemnde han Knut i 1703 og gjorde krav på at han skulde avstå 3 spann som Mikkjel åtte, då han var husvill. Domen gjekk ut på at det som Knut hadde bygsla, var for lite til å skifta på to, og han skulde ha det framleies sidan han hadde fyrste retten. Knut kjøpte 1706 2 pund 9 mark av Sjur Steffason som hadde kjøpt det 1705 av Mikkjel O. Grevle.
Dei hadde seks born: Brita f. 1697, g. 1725 m. Knut Jonson Kvåle, Gjertrud f. 1698, g. 1724 m. Rognald Rognaldson Stora Saude, budde på Nestås, Mari f. 1700, g. 1. 1727 m. Styrk Erlingson Rekve, 2. 1749 m. David Åmundson Fjose, budde på Rekve, Anders f. 1702, Marta f. 1707, g. 1. 1729 m. ekm. Knut Arnbjørnson Gjelland, 2. 1733 m. Nils Bjarneson Mølster, budde på Gjelland, og Eli f. 1712, g. 1738 m. Nils Oddson Sonve. På skifte etter Knut vart jordgodset verdsett til 1 rd. 3 mark for kvar mark jordskyld og vart skift millom borni so kvar av dei fekk ein part.
Kilde:
http://ullstad.com/