Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameHans Thiis Nagel , 8C9R
Birthca 1700, Moltu, Herøy, Sunnmøre
Death1769, Svanøy gods, Sunnfjord, SF
OccupationFut i Sunnfjord og Nordfjord frå 1731.
FatherChristopher Thiissøn Nagel (1668-1709)
MotherMargrete Hansdatter Helkand (ca1665-1743)
Spouses
Alias/AKAChristine Margrete Jensdatter
FatherJens Worm (-1743)
ChildrenJens Worm (1739-1788)
 Martha Margrethe (ca1735-1793)
 Maren (1735-1803)
Notes for Hans Thiis Nagel
Hans Thiis Nagel d.1769. Fut i Sunnfjord og Nordfjord frå 1731. Før det hadde han vore konstituert fut både i Fjordane og i Sogn. I 1750 utnemnd til kongeleg kammerråd. Kjøpte i 1749 Svanøy-godset av Cecilia de Lillienskiold, som var enkje etter Morten Svanenhielm. Nagel flytta då frå futegarden Fure i Fjaler til Svanøy. I dei 20 åra Nagel eigde godset, bygde han ut Svanøy Hovudgard til å bli eit av dei flottaste gardsanlegg på Vestlandet. Han kjøpte sjølv over 100 gardar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Han åtte m.a. Osen gard i Bygstad som han i 1750 skøytte over til svigersonen, kaptein Fredrich von Storm som medgifte.

Hans Thiis Nagel var gift med Kristine Margrethe Worm, dotter til styrar Jens Worm ved Årdal koparverk, og far til fut Jens Worm Nagel.

Tre av døtrene gifte seg med lokale rikfolk: Margrete med kaptein von Storm på Osen gard , Anne Laurentze med kjøpmann Peder Pederson Tonning og Ingeborg Catrine med sorenskrivar og historieskrivar Hans Arentz i Dale, mannen bak "Sønfjords Beskrivelse" frå 1785.

1733, Solgte gården Svaheim. Kammerråd

Soneson til handelsmann Thiis Nagel frå Solvorn.
Last Modified 20 Mar 2005Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.