Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameTorlak Olavsen Vikøy , 9G Grandfather
Birth1595, Aukland, Hjelmeland
Death11 Mar 1654, Vikøy, Kvam
OccupationPrest i Vikøy
Alias/AKA"Hr. Torlak til Vikøy"
FatherOlav Jonson Aukland (ca1568-1655)
Spouses
1Karen Christensdatter Lind , 9G Grandmother
Birthca 1591, Lind, Hå, Jæren, Rogaland
Death1674, Vikøy, Kvam
FatherChristen Lauritzen Lind (1570-1639)
Marriagebef 1628, Rogaland
ChildrenKaren Torlaksdatter (1610-1647)
 Olav Torlakson (<1634-)
 Lars Torlakson (1636-1709)
Notes for Torlak Olavsen Vikøy
Hr. Torlak gjekk på skule i Helsingør og København og er vel den fyrste prest i Vikøy som hadde nokolunde full utdanning for embetet. Han var student fra Helsingør skole 8.4.1616 og først hjelpeprest hos Daniel Jørgensen i Hjelmeland, men i 1623 kom han til Vikøy. I kyrkjerekneskapane for dette året stend det at ombodsmannen gav prosten hr. Anders i Kinsarvik 1 rdl av kvar kyrkja forat han skulle setja hr. Torlak inn i embetet. Her var Torlak verande til sin død 11. mars 1654. I 1639 vart han mellombels prost i Hardanger medan styremaktene granska nokre klagemål frå ålmugen mot prosten hr. Anders i Kinsarvik, og i 1649 er han og nemnd prost og visiterar dette året kyrkjestolane i prostiet. Om hr. Torlak fortel soga berre det som godt er. Han skulle vera ein "from" kristen og vel omtykt. Som bondeson av dei beste ætter på Vestlandet kan ein tenkja seg at han naut vyrdnad og tillit hjå ålmugen og kunde ta dei på rette måten og føra inn på den rette låm. Han var velstandsmann og åtte gardar og gardpartar både i Rogaland og Sunnhordland. I Kvam åtte han part i Nesthus. Av gamle diplom ser ein at hr. Torlak ikkje var nokon kastekjepp når det gjaldt å verna prestebordet sine eller eigjne interesser. I 1634 gav han ei ny altartavle til Vikøy kyrkja. Denne tavla er visseleg Stavanger-arbeid i renessanse-stil.
Last Modified 9 Oct 2004Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.