NameLars på Hodlekje 
Notes for Lars på Hodlekje
Han vart nemnd på Hodlekje i 1563 og skatta på garden 1590-1610. Han hadde medbrukaren Ola frå 1601. I 1613 hadde Lars sagt frå seg heile garden. Han døydde kort tid etter.
Lars Hodlekje var mellom dei fremste mennene i prestegjeldet. I 1601 og 1604 var han lagrettemann. Hodlekje var fri for leidangskatten i 1567 og Lars var kanskje lensmann i Uggdal skipreida på denne tida. I tillegg til at han sat som sjølveigar på det meste i Hodlekje, eigde Lars anna jordegods. I 1613 skatta han av 2 laup smør 1 hud. Noko av dette kan ha vore i Bakka.