Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameGabriel Heiberg , 3C9R
Birth13 Jun 1708, Sogndal, SF
Death15 Nov 1768, Bergen
OccupationSokneprest i Gloppen 1738–1765, og prost i Nordfjord.
FatherSøren Andersson Heiberg (1657-1713)
Spouses
Birth4 Mar 1713, Bergen, Hordaland
Death7 Dec 1780, Gloppen, SF
FatherMag. Johan Jacobsen Widing (ca1669-1736)
MotherKaren Schwartzkopf (-1747)
Marriage11 Sep 1736
ChildrenJohan Widing
 Arvid Christian (1739-)
 Oluf Bornemann (1741-1803)
 Birgitte Margrethe (1744-1798)
 Christiane Margrethe (1751-1809)
Notes for Gabriel Heiberg
Mer om Gabriel Heiberg (Gloppen):
http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1693772.html

Skulefundasen
Sokneprest Gabriel Heiberg (Gloppen) fekk i stand den første skuleordninga i Gloppen i 1743 – ”skulefundasen”. Prestegjeldet fekk åtte skulekrinsar, og skulen vart halden to dagar hjå kvar gardbrukar i krinsen. Dei som vart lærarar, fekk sleppe soldattenesta. Ei lov frå 1823 sette krav til fastskule i kyrkjesokna, men først i 1834 kom den første fastskulen i Gloppen kommune på Føleide, etter sterkt press frå sokneprest Jørgen Meier Heffermehl.

Gabriel H. gjorde mykje for å få i gang omgangsskular i Gloppen, då han skipa den første ”skulefundasen” i 1743. Men Heiberg innførte streng kyrkjetukt, og kom tidleg i konflikt med kyrkjelyden. Han kunne også trøytte kyrkjelyden med preiker på 3-4 timar, og soldatane måtte stille i kyrkja til avhøyring slik som konfirmantane. Breimingen Kolbein Torson Myklebust vart så arg på presten at han truga han på livet. Men trass i knallhard kyrkjetukt, dreiv Heiberg likevel gjestgiveri med skjenkestove på Sandane. Han fekk kongebrev på å kunne drive kro og gjestgiveri i 1752. Han kjøpte også storgarden Evebø.

All usemja med bygdefolket gjorde at han kjøpte seg nytt embete i Bergen og flytta i 1765. Sonen Johan Widing Heiberg overtok 28 år gamal kallet i Gloppen etter faren, men måtte for det betale ei stor årleg avgift så lenge han var prest.
Last Modified 18 Apr 2013Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.