NameJon Anderssen Fløytevåg
Birth1733, Bremanger, Sogn & Fjordane, Norge
Death1801, Vågane, Bremanger
OccupationLagrettemann 1763
Alias/AKASmørhamn, Fløjtvaag
Spouses
Birth1738, Bremnes, Bremanger, Sogn & Fjordane, Norge
Death1806, Vågane, Bremanger, Sogn & Fjordane, Norge
Notes for Jon Anderssen Fløytevåg
Tinglese bygselsetel frå 4. juli til Jon Anders. på 2 pd fisk i Vaagene frå Mari, enkja til Jørgen Balken. Source: Bremanger Bygdebok
1761: Dette var nok eit hendelsesrikt år for Jon. Han vart fyrst trulova med Dorte Monsd. Gulestøda. Men lenger bak i kirkeboka står det at han 1761 vart gift med Anne Thorsd. og at sonen Thor vart døypt 4. sept same året. Jon og Anne må ha venta barn då Jon vart trulova med Dorte Monsd. Gulestøda. Dorte vart seinare gift med Lars Rasmuss. Gulestøda.
1778: Innbrudd i Jon si sjøbud.
Ein frøyværing som tente i Hovden, kom roande derifrå natta til langfredag - det var ei mil - braut seg inn i sjøbuda til Jon Anderss. Vågane, og tok med seg det han fann i kista som stod der med nøkkelen i. Det var mest 1 dl. i ein pung, jernhekter, tobakk, gryn og eit oterskinn, verdsett til 3 dl. Alt vart teke og framlagt i retten, og Jon fekk det att. Tjuven var 26 år, og var konfirmert 22 år gamal. Saka kom att i 1779, men syndaren var so heldig at han no var "udgaaet med marinerne", og saka vart bortlagd.