Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameJochum de Lange , 25C1R
Birth1745, Bergen, Hordaland, Norge
DeathDec 1768, Bergen, Hordaland, Norge
OccupationStrileopprører og bonde
Spouses
Birth1739, Bergen, Hordaland, Norge
Death17 Jul 1804, Bergen, Hordaland, Norge
Burial25 Jun 1804
Alias/AKAAnna Cathrine Hellaman
Unmarried
ChildrenJoachin Catherine (ca1768-1850)
Notes for Jochum de Lange
"Jochum de Lange var fødd i Bergen i 1745 som son av skipper, kjøpmann og borgar i Bergen. Anna Cathrine døydde alt i 1748 då Jochum berre var tre år gamal, men alt våren 1750 gifta faren seg på nytt med Anna Mar Ibsen. Ho vart Jochum si stemor. Jochum vaks opp i ein ganske rik borgar- og kjøpmannsheim i Bergen. I 1764 kjøpte han garden Flatøy i Nordhordland. Faren Conradus var god for fleire tusen riksdalar. I april 1765 var Jochum i Bergen i samband med skifteoppgjeret etter faren Conradus de Lange. Skiftet vart påbegynt 27. mars 1765 og Conradus etterlet seg tre søner og to døtrer. Jochum var den eldste sonen. Han budde både i Bergen og på Flatøy. Då strileopprøret byrja 18. april 1765, hadde Jochum vore på rangel kvelden før. I følgje kommisjonen vart han dradd med i opprøret i kombinasjon av ”Bondemod” og ”Drukkenskab”. Jochum hadde vore med på å ha skjelt ut og slått futen Bildsøe. Fleire av bøndene fortalde seinare til kommisjonen at dei under opptøyene hadde sett på de Lange som ein leiar. At ein borgarson var saman med bøndene på denne måten var nesten utenkjeleg. Etter nokre dagar vart Jochum pågripen på garden sin Flatøy og førd til Bergen. Tanta til Jochum, Karen Mistel, uttalte at nevøen ”af Naturen er meget taabelig”. Under avhøyra kom det fram at Jochum har vore utsett for tortur i fengselet. I nokre av dokumenta kjem det også frem at han kunne ha tilstått kva som helst. I 1767 vart Jochum dømd til å mista si ære og eigedom, i tillegg til livsvarig slaveri i jern på Festningen. Jochum klarte ikkje fengselsopphaldet og etter tre år døydde han i fengselet i april 1768 Jochum var i 1765 trulova med Anna Catharina Hellemand. Ho fekk besøka Jochum i fengselet i Bergen. I januar 1769 fekk dei dottera Jochumine Cathrine. Då ho vart døypt i Hamre kyrkje på Osterøy 14. januar 1769 hadde faren vore død i nesten 9 månader. Sjølv om Jochumine var fødd utan at foreldra var gifte fekk ho status som ektefødd barn etter eit særskilt kongeløyve. Mora Anna Catharina fekk status som kona til Jochum og dermed arva ho Flatøy. Dottera Jochumine Cathrine gifta seg i 1802 med Lennert Gabriel de Lange. Dei fekk tre born og budde i Bergen ved folketeljinga i 1815."

Kilde: [
http://marcus.uib.no/exhibition/strilekrigen]

GENI:
https://www.geni.com/people/Strileopprører-Jochum-de-Lange/6000000002278343832

Strilekrigen:
https://no.wikipedia.org/wiki/Strilekrigen

https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/jLaV9/strilekri...ble-doemt-til-doeden
Notes for Jochum & Anna Catharina (Family)
Ugift, men trolovet.
Last Modified 27 May 2020Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.