Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameDronning Wilhelmina av Nederland , 17C1R
Birth31 Aug 1880, The Hague, Netherlands
Death28 Nov 1962, Het Loo
OccupationQueen of Netherlands, acceded: 1890, abdicated 4 Sep 1948
MotherEmma av Nederland (1858-1934)
Spouses
Marriage7 Feb 1901, The Hague, Netherland
ChildrenJuliana (1909-2004)
Notes for Dronning Wilhelmina av Nederland
Dronning Wilhelmina
av Nederland (1880–1962) ferierte i Noreg tolv gonger frå 1921 til 1955. Ho vart regjerande dronning 1934. I Nordfjord budde dronninga oftast på Hjelle Hotell i Oppstryn, første gong i 1925. Der finst det fleire minne etter hennar besøk. Ho var ivrig amatørmålar, og gjekk også over Flofjellet mellom Sunnylven og Flo. Ho abdiserte i 1948, og i 1955 kom ho på vitjing på Hjelle saman med dottera Juliana, som då var blitt dronning.

Dronninga vitja Norangdal i 1921, 1922, 1930 og 1955. I 1921 var dottera prinsesse Juliana med og var den gongen 12 år.

Wilhelmina var ei dyktig målarinne, og naturen i Noreg gjorde eit veldig inntrykk på henne. I 1921 sat ho ved kaihuset på Øye og måla fjella og fjorden.

Stal brus og gøymde seg:
Hotellverten sin son, Karl, som var 8 år vart god ven med prinsesse Juliana.Saman lurte dei seg ned i kjellaren på hotellet og stal nokre brusflasker. Etterpå pilte dei avstad og gøymde seg bak ei hes for å nyte brusa i fred og ro. På hotellet vart det stort oppstyr då kronprinsessa var søkk borte. Dronning Wilhelmina sende ut folk i alle retningar for å leite, og etter ei stund vart dei to borna funne bak hesa i ferd med å sette til livs brusa. Dronninga lo så ho stod tvikroka då ho fekk høyre at dottera hadde vore på brusslang med sonen til hotellverten.

Golden party:
I 1955 var det siste gongen Wilhelmina kom til Norangdal. Ho hadde abdisert og dottera Juliana som var dronning no var også med. Dei reiste inkognito og tok inn på hotellet under namnet "Golden Party". Heile 2. etasje var reservert til dei kongelege.

Det var godt ver under besøket, og "Golden Party" ønskte oftast maten servert ute i det fri, så det var lunch både i Urkedalen, i Norangsstranda og på Urasætra. Sløseri hadde likevel ikkje Wilhelmina sans for. Ein av dagane dei skulle ta lunch i det fri, tok hoffdamene det som ein sjølvfølgje at det skulle brukast bil, men dengong ei. "Bilen går ikkje på vatn" , beit ho hoffdamene av.
Last Modified 7 Dec 2003Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.