Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NamePeter Nilsson Torsnes 12,11, 12G Grandfather
Birth1450, Jondal, Hordaland, Norge
Death1530
Alias/AKAPer Nilsson på Torsnes
FatherNils Ragnvaldson (1416-1497)
Spouses
Unmarried
Notes for Peter Nilsson Torsnes
Per (Peder/Peter) Nilsson er nemnd ved rettartingsdommen i 1494 som den “beskedelige Swen” som var ombod for og tok hand om saka for mor si og tanta si. Han er også nemnt i skattelista frå 1520, ved sida av brorsonen, seinare lagmann på Island, Odd Godskalkson. Det var truleg Per som let oppføre eit fjøs med tjukke steinmurar som stod på garden heilt inn på 1900-talet. Ved ei vitjing på Torsnes i 1825 fann biskop Neumann ein bjelke i fjøset der årstalet 1504 var innskrive. Kona til Per er ukjend.“s77“

I boka <AM 370 Fol. Jonas Andersson frå Skånevik om fornminne i Bergen bispedømme 1626>, faksimileutgåve ved Asgaut Steinnes, Det norske språk- og litteraturselskap 1972, har Asgaut Steinnes en lengre innledning. Her skriver han på side 16 og 17 om Peder Nilsens to døtre:

<Av eit forliksbrev frå 1. mars 1624 (33) går det fram at han hev hatt 2 døtrer. Den eine, som ikkje er nemnd med namn, men som tolleg visst hev heitt Herborg etter farmori, var gift med Samson Lodensson, som hev butt med henne på Torsnes. (....) Den andre dotteri til Peder Nilsson er i forliksbrevet frå 1. mars 1624 kalla hustru Kirsten Pedersdotter og hadde vore gift med ein Olav som etter hustru-tittelen hennar å døma hev vore ein lågadelsmann liksom Samson Lodensson. Dei hadde ein son Torbjørn som budde på Sandvin i Vikøy i Hardanger. (33. Nordiska Museet, Stockholm, nr. 16514. Prenta av Ivar Skre i årsskriftet Sunnhordland 1957, s. 43 ff.)>

Ralatert debatt i Brukarforumet på Digitalarkivet:
http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listi...p;antinnlegg=7#anker

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listi...;antinnlegg=11#anker



---

Den tredje sonen til Nils Ragnvaldsson, Peter Nilsson, budde på Torsnes. Han hadde ei dotter Herborg som var gift med lensmannen i Øystese, Torbjørn Olavsson Sandvin, hevdar Høyland. Handegård held derimot fram at Herborg må ha vore gift med far hans, Olav på Sandvin - Handegård peikar såleis på at dette vert stadfesta i eit diplom der ho er kalla godmor til Olav Torbjørnson på Sandvin. Dotter deira, som også heitte Herborg, var gift med den før nemnde Johannes Lauritsson på Valen.

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Sunnhordlandsætter
Last Modified 27 Aug 2023Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.