NameKnut Åmundson , 10G Granduncle
Notes for Knut Åmundson
Knut er skattlagd her i 1603. I eit dipl. frå 21/11 1608 er han nemnd saman med broren Lars Åmundson Langeseter. Dei sel ein part i Berg i Dyrvedalen på Voss, som dei hadde arva etter far deira, Åmund Jordal som var gift med systera til Torfinn Halleson på Møn. Ved eit odelsskifte 25/1 1616 vitnar Bård Prestegard og Gudmund Sjurson på vegnar av Gudrund og Sigrid Tormodsdøtre, konene deira, og Birgit Tormodsdotter, at Birgit Åmundsdotter har erva 2 1/2 lp. smør, 2 bukksk. i “Bindingstun” i Måge. Tormodsdøtrenen er vel døtrer til Tormod, og Birgit syster til Knut.