NameAslak Pålson Skare
Notes for Aslak Pålson Skare
Aslak er kjend frå dokumentet av 1574, som skildrar hendingane då son hans, Kjetil, vart stukken ned av Svein Berge, venteleg ikr. 1530-40. Aslak fekk 1/2 lp. smør i drapsbot. Han gav dotter si parten i Tveit som heimanfylgje. Ho døydde barnlaus straks etter. Aslak synest også vera død i 1540-åra. Han må då vera barnlaus; for brørne hans bed om å få løysa Tveit hjå Orm Torsnes (Orm har den 1/2 laupen som pantegods) sidan dei er Aslak sine arvingar.