Lars er i skattelistene kalla “Gamle Lars”. Det ser ut til at han budde på Kvalnes i 1593. Frå 1603 er han busett i Måge, og åtte i 1615 2 pd. smør, 2 lp. salt i Måge, dessutan åtte han i Øvrehus i Mauranger og i Kvitno. Han er ein av underskrivarane på adressa til kongehyllinga i 1610. I seglet han er L. L. og bumerke, ein stav med tverrstrek og 2 skråstrek. Han er død ikr. 1625. Gården er truleg skift mellom to søner.
[Kilde: Ullensvang 4?]
Lars budde truleg på Kvalnes fyrst. Som arving etter Rike-Torstein sat han med ein heil del jordegods. I 1615 åtte han saman med borni sine, som då hadde fått utlagt sin morsarv, 1 geitskinn i Kvalnes og 1 pd. smør i Børve, Ullensvang. Dessutan åtte han jordegods i Freim i Odda-sokni, Reiseter, Rogdo og Espeland. I 1626 bruka Lars heile Rosseland uskift, 2 laupar smør, men her åtte han berre 1 laup, 2 pund, resten åtte presten i Vikøy. I 1606 skatta Lars 7 mæler i tiende og i 1625 gav han 5 ort i leidingskatt.
Rosseland (110), Vikøy, Kvam
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018032048017?page=283NB! Gift 2 ganger og får 7 + 2 barn, i flg Kvam 1.
Geni har dog ikke de samme barna som Kvam 1. (Dvs. Lars og Astrid er vel de samme, men de i mellom, Isak, Salmon, Trond og Havtor, er ikke nevnt i Kvam 1, de lister opp Olav, Nils, Svein, Anna og Gudrid i stedet.)
https://www.geni.com/people/Lars-Måge/6000000003926623108?through=6000000003926623117