Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameMari Gregoriusdotter Dysjeland
Birthca 1726, Dysjeland, Gaular
Death1827
FatherGregorius Lassesson (-1759)
MotherNN
Spouses
Birthca 1730, Sandegjerdet
Death1807, Sande
Marriage1766
Notes for Mari Gregoriusdotter Dysjeland
f. Dysjeland, Gaular:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2009032404021?page=579

Kven skulle setje ned husmannsplassar?

Kven var det som skulle ha lov til å setje ned plassar? Var det dei som eigde garden eller hadde også leiglendingen løyve til dette? Dette skulle vise seg å bli ei konflikt pa bruk 5 i åra etter 1 800 når det galdt plassen Sandagjerdet. På det tidspunktet var bruket leiglendingsjord, det vil seie at det var drive av ein annan enn den som eigde det. I 1770-ara fekk Søren Sjursson og Maria Gregoriusdotter rydde seg plass i Sandagjerdet. I 1797 gifta Otto Larson seg med eldste dottera deira, Synneva, og året etter skreiv dei kontrakt med leiglendingen pa bruk 5. Elling Olson, om å overta plassen etter S@ren og Maria. Då plassmannen Søren Sjursson doydde i 1807, meinte dei ny plassfolka at no var tida deira komen for å ta over. Men plassenka Maria nekta å flytte. Saka vart etter kvart så vanskeleg at den hamna i forlikskommisjonen i februar i 1811. Men her kom det ikkje til semje og saka vart vist til retten. Då saka kom opp i april same året, gjekk saksøkaren, Otto Larsson, hardt ut for at han skulle få ta over plassen så lenge han og kona hadde fått festesetel alt i 1798. Men motparten hevda med tilvising til ei husmannslov frå 1792 at dei nye plassfolka hadde inngått avtale med feil person. Ein slik avtale måtte gjerast med den som eigde bruket, nemleg Lasse Anderson Norevik. Då Otto forstod at han lag tynt an, prøvde han å inngå eit forlik med svigermora; han baud ho kår på plassen, som innebar kost og losji, pluss fôr til ei ku om ho ville gje frå seg plassen. Men Maria heldt på sitt; sidan ho hadde vorte så dårleg behandla av svigersonen, såg ho ingen grunn til å forlate plassen. Dette vart også dommen til retten, ho vart kjend fri for dei krava som svigersonen kom med og fekk halde fram med å bu på plassen. Her budde ho heilt til ho døydde i 1827. Sannsynlegvis skjedde det ei overdraging av drifta før den tid, men kva tid dette skjedde har vi ingen kjelder som kan dokumentere.

Kilde:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2009032404021?page=391
Last Modified 9 Dec 2021Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.