Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameBertha Amalie Alver
Birth22 Aug 1846, Bergen, Hordaland, Norway
Baptism27 Sep 1846, Domkirken, Bergen, Hordaland, Norway
Death15 Mar 1905, København, Danmark
OccupationForfatter
Married NameAmalie Müller
Alias/AKAAmalie Skram, Berthe Amalia, " Malla"
FatherMons Monsen Alver (1819-1898)
MotherLouise Sivertsen (1821-1908)
Spouses
Birth11 Apr 1837, Bergen, Hordaland, Norge
Death19 Nov 1898, Bergen, Hordaland, Norge
OccupationSkipskaptein, senere mølleeier
Alias/AKAUlrich, Behrent Ulrich August Müller
Marriage3 Oct 1864, Nykirken, Bergen, Hordaland, Norway
Divorce1882
ChildrenJacob Worm (1866-)
Birth10 Mar 1847, Kjøbenhavn, Danmark
Death21 Nov 1923, Kjøbenhavn, Danmark
OccupationForfatter, Stenograf i Rigsdagen 1885
Alias/AKAAsbjørn Oluf Erik Skram
MotherIda Johanne Hoë (1814-1886)
Marriage3 Apr 1884, Kjøbenhavn, Danmark
Separation1900
ChildrenIda Johanne Skram (1889-)
Notes for Bertha Amalie Alver
Oppveksten
Berthe Amalie Alver vart fødd i Bergen 22. august 1846. Av ni sysken var det berre fem som levde opp: Amalie og fire brør. Faren var innflyttar og starta ein liten kjellarhandel. Mora var dotter av ein lappeskomaker i Bergen. Amalie voks opp i enkle og til tider ganske tronge kår. I 1863 gjekk faren konkurs. Rekneskapen var ikkje heilt i orden og han reiste i all hast til Amerika. Forholdet mellom foreldra var dårlig, og det vart aldri til at mora kom etter med ungane. Ho var svært ærgjerrig på deira vegner, og dei fekk ein skulegong og omgangskrins som ikkje stod i forhold til økonomien.

Amalie Skram forlot Bergen i 1877. Bare én gang skal hun senere ha besøkt sin fødeby. Det var i 1893 da hun bodde en kort tid på toppen av Birkelundsbakken. I 1884 slo hun seg ned i København hvor hun døde i 1905. Hun hadde tidligere bestemt at det på hennes urne skulle stå: ““Dansk Borger, Dansk Undersaat, Dansk Forfatter“.

1875-tellingen for Bergen:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?s...ardpostnr=6295#nedre

B. 6-22a, Bergen i 1875

Müller
Kort tid etter faren si reise vart Amalie forlova med den 9 år eldre skipskapteinen Bernt Ulrik August Müller og knapt 17 år gamal gifta ho seg. Kanskje under press frå den ærgjerrige mora som meinte at partiet var svært fordelaktig. Ekteskapet var skrøpelig frå fyrste stund, trass i at begge to gjorde alt for å betra forholdet. Ho vart med mannen sin og dei to sønene deira på lange sjøreiser, lærte seg fleire språk og vart, som ho skreiv i eit brev frå denne tida: "en so komplett sjømann, at jeg mange ganger har gått på dekket når vi har lagt til, for 3 stumper og fastgjort fokk". Ho vart aldri sjøsjuk, og viste aldri frykt i desse vanskelige og farlige situasjonane. Erfaringar frå desse reisene og frå opphald i framande hamner brukte ho i fleire bøker, serlig i To Venner, Fru Inés og Forraadt.

Skilsmissa
Men ekteskapet med kaptein Müller var vanskelig, og Amalie var svært ulykkelig. Etter at ekteparet hadde slått seg ned i Bergen i midten av 1870-åra, kom ho inn i ein kulturradikal krets i byen. Ho vart politisk radikalisert, og trass i harde indre kampar, gav ho opp sitt kristne livssyn. Avstanden til ektemannen vart stadig større. Etter at svigerfamilien hadde prøvd å overtala henne til å vera i ekteskapet, fekk ho nervesamanbrot, vart innlagd for eit kortare opphald på Gaustad asyl og flytta ikkje heim til Bergen etterpå. Fram til ekteskapet vart formelt oppløyst i 1882, budde ho skiftevis hos dei to brørne sine, i Fredrikshald (no Halden) og Kristiania.

Den radikale krinsen
Medan ho framleis budde i Bergen, knyta Amalie seg til ein radikal krins rundt avisa Bergens Tidende. Ho skreiv sin første bokmelding i 1877. I Fredrikshald tok ho opp denne tråden og skreiv bokmeldingar og artiklar i Smaalenenes Amtstidende. Då ho nokre år seinare flytta til Kristiania, markerte ho seg som ein modig forsvarar av den nye litteraturen med sine artiklar i det radikale Dagbladet, blant anna om Ibsens Gengangere. I 1882 fekk ho publisert si fyrste forteljing, novella Madam Højers Leiefolk. Det var ei novella om ein fattig arbeidarfamilie som nokså brutalt vart kasta ut frå bustaden sin. Den skarpe skildringa av sosial nød vakte ein del oppsikt. Allereie her merkar ein eit trekk som gjekk igjen i Amalie Skrams forfattarskap: viljen til å skildra fattigdom og fornedring krast og direkte, men med medkjensla i botnen.

Erik Skram
Same år møtte Amalie Müller den danske forfattaren Erik Skram i Bjørnson sin 50-års dag på Aulestad, og i 1884 gifta ho seg med ham og busette seg i København. Erik Skram gav opp sitt eige forfattarskap, medan Amalie vart svært produktiv som forfattar, sjølv om ho ofte klaga over at ho arbeidde tungt.

Samanbrotet
Ekteparet delte det økonomiske ansvaret for familien, levde på mange måtar eit moderne liv og i 1889 fødde ho, 43 år gamal, ei dotter. Men presset av å både vera forfattar, hustru og småbarnsmor førte til eit nytt nervesamanbrot i 1894. Då vart ho overarbeida og nedbroten, lagt inn på psykiatrisk avdeling på Kommunehospitalet i Roskilde. I 1895 publiserte ho to romanar frå sitt opphald på desse psykiatriske institusjonane.

Skilsmissa
I 1899 vart ho skild frå Erik Skram, etter store ekteskaplige kriser. Hennar mann hadde hatt eit anna forhold medan ho var innlagt, og hadde tidlegare vore utro mot henne. Samme år skreiv ho òg ein artikkel i Verdens Gang, der ho erklærte seg som "dansk forfattar". Ho var skuffa over at Noreg ikkje hadde tatt betre imot henne som forfattar. Serlig hadde det såra henne at dei to siste binda av Hellemyrsfolket møtte so stor motbør i hennar eigen heimby. Likevel er hennar forfattarskap udiskutabelt norsk: Med nokre få unntak legg ho handlingane i romanane sine til Noreg. Det er norsk miljø og norsk kultur ho formidlar og dette gjer seg òg gjeldande i hennar siste, ufullførte roman Mennesker, som heftevis kom ut frå 1902 til 1905.

Forfattarstilen
Sjølv om Amalie Skram etter kvart opplevde annerkjenning frå mange hald, vakte bøkene hennar fyrst og fremst forarging. so var då òg hennar litterære program å avsløra løgn, hykleri og undertrykking:
I alle mine bøker har jeg skildret det mest uædle, det stygge og heslige og råe. Fra begynnelsen av fordi alt dette stygge forferdet meg so dypt, vakte min avsky og harme so at jeg ikke kunne bli kvitt det, før jeg hadde fått det ned på papiret. Senere fordi jeg lærte å forstå, å være medlidende.

Den naturalistiske retninga i litteraturen vart boren fram av nokre få forfattarar i Noreg. Amalie Skram, Hans Jæger og Arne Garborg var dei mest konsekvente forsvararane av denne litterære retninga. Dei ynskte å vekkja lesarane sin sosiale medvitskap, appellera til rettferdssans og medynk og mana "til arbeide, arbeide for å lindre", som Amalie Skram uttrykte det.
Amalie Skram er mest kjend for romanserien Hellemyrsfolket og for ekteskapsromanane. Men ho har òg skrive mange innsiktsfulle forteljingar om ungar. Ho viser kor avhengige ungar er av dei vaksne rundt seg, korleis dei er utleverte til forståing eller mangelen på forståing i miljøet rundt dei. Ho skildrar òg skilnaden i gute- og jenteoppsedinga, som stimulerer ulike sider ved personligdomen hos dei to kjønna. Det er eit djupt pessimistisk preg over storparten av det Amalie Skram har skrive. Hennar eigne erfaringar var heller ikkje berre lyse, med foreldras ekteskap som gjekk i stykker og hennar eigne to skilsmisser. I tillegg kom det ho opplevde som forfattar, at ho stadig vekk møtte moralsk fordømming fordi ho som kvinne våga å skriva som ho gjorde. Ho hadde vener som trakk seg unna då Constance Ring kom ut. Men pessimismen vert overskugga av den sterke medkjensla hos henne, slik ho formulerer den i eit brev mot slutten av livet sitt: "Jeg synes saa Synd i os alle sammen … Er vi ikke alle Produkter, som er og maa være, som vi er?"

Amalie Skrams forfattarskap
Amalie Skrams forfattarskap kan grovt sett delast i tre grupper: ekteskapsromanane Constance Ring (1885), Lucie (1888), Fru Inés (1891) og Forraadt (1892), sinnsjukehusromanane Professor Hieronimus og Paa St. Jørgen (begge frå 1895), og Hellemyrsfolket, ein romansyklus i fire bind (1887–1898).

Ekteskapsromanane
I dei fire ekteskapsromanane utforskar Amalie Skram spørsmålet om kva kvinnelig seksualitet er og kva føresetnader som skal vera oppfylde for at kvinner skal kunna elska. Ho tek opp dobbeltmoralen i samfunnet, som kravde at jenter skulle vera totalt uerfarne og uvitande, medan menn kunne leva nokså utsvevande både før og i ekteskapet. Amalie Skram behandla dette emnet ut frå ulike synsvinklar. Mellom anna forsvara ho dei falne kvinnene, dei prostituerte. Når dobbeltmoralen godtek at menn lever utsvevande, må ein òg godta dei kvinnene som er offer for utsvevelsane. Prostitusjon er ei logisk følgja av dobbeltmoralen. Hennar samtid likte ikkje det ho viste dei om kvinneliva, kanskje fordi romanane var so moderne. Mest gripande, personlig og original av desse er Fru Inés, den romanen forfattaren sjølv skriv at ho "setter … på en måte høyest av hva jeg har skrevet".

Constance Ring
I 1885, sterkt påverka av naturalistiske idear, skreiv ho Constance Ring. Boka skildrar kvinnelig seksualitet på ein måte som til då var heilt uhøyrd. Det var ikkje lett å få boka utgjeven. Naturalismen var ikkje berre populær, og at boka var skriven av ei kvinna gjorde ikkje situasjonen noko betre. Det enda med at boka kom ut på eit lite dansk forlag. Amalie kjende seg meir heime i Danmark enn Noreg, og fekk då òg meir aksept der enn i heimlandet. Bjørnson var ein god ven av Amalie, men etter at ho sendte han eit eksemplar av Constance Ring, vart han forarga. Han sende boka tilbake ulest, og syntest det var svært merkelig at hennar mann hadde gjeve ho lov til å skriva ho. Han som støtta Amalie offentlig var Arne Garborg, ein annan naturalistisk forfattar, og ho var ham evig takknemlig.
Boka handlar om Constance sitt ulukkelige ekteskap. Ho ber presten om råd for ho ynskjer ei skilsmissa. Men saman med Constance sin familie driv presten henne tilbake til ekteskapet, sjølv om det er heilt klart at mannen er utro. Seinare døyr mannen, og Constance giftar seg på nytt med ein mann som ho trur har henne som sin einaste kjærleik. Men han òg er utro, og på den måten viser det seg at Constance sitt liv går i ein ring … (jf. tittelen)
Romanane til Skram tek òg opp dei psykologiske følgjene av dobbeltmoralen. Constance Ring får kjærleiksevna sin drepen av dobbeltmoralen hos dei mennene ho møter. Livet hennar enda i sjølvmord.

Forraadt
Nokre år seinare skreiv Amalie nok ein roman om eit ulukkelig ekteskap, Forraadt (1892). Her møter me den unge Ory, som totalt uvitande om den seksuelle sida ved ekteskapet, vert gifta bort til ein eldre mann, kaptein Riber. Ho får eit sjokk ho aldri kjem over, og hemnar seg ved ustanselig å pressa ektemannen til å snakka om sitt tidligare liv at ho driv mannen sin til vanvit. Ho borar nådelaust i fortida hans som ho synes er svært syndefull, men toler ikkje at han kjem for nær ho. Riber byrjar gradvis å forandra seg. Han vert søvnlaus, fortvila, byrjar å drikka og mistar styringa både på seg sjølv og skipet. Boka endar med at han i fortviling druknar seg.
Då Foraadt kom ut, hevda Herman Bang i Bergens Tidende at Amalie Skram var "trådt inn i mystikernes krets" og viste til varsla, draumane og spøkelsa i boka. Påstanden har sidan vorten gjenteken av andre. Men sjølv avviste ho han:
Å skildre mennesker for hvem drømmer og <varsler> og <spøkelser> betyr noe, er ikke å være mystiker. At spesielt drømmer i en skildring tar seg ut som varsler eller profetier kommer av at man, i en eller annen form, alltid drømmer om det man frykter, tenker på eller ønsker.


Lucie
Den vesle romanen Lucie (1888) handlar om ekteskapet mellom ein advokat og hans <holddame>, ein tivoli-artist, og om hans kamp for å tvinga hennar sunne og spontane natur inn i borgerlige mønstre. Det er ikkje berre hennar fortid som plagar han, men òg klasseforskjellen og hennar mangel på manerar. Han kan ikkje godta henne som ho er. Det fell han aldri inn at han òg har ei <fortid>, eller at hennar klassebakgrunn kan vera like bra som hans; ho er tømmermannsdotter.

Fru Inés
Fru Inés vart utgjeven saman med eit par noveller under tittelen Kjærlighet i Nord og Syd (1891). Handlinga går føre seg i Konstantinopel og hovudpersonen er ei spansk levantinerinna. Ho er gift med ein rik, brutal og pervers gamal svenske – og rastlaust på jakt etter den store erotiske opplevinga:
Hvorfor skulle hun være skapt annerledes enn andre kvinner, hun med sitt dune, frodige legeme. Blod og drift hadde hun i seg, ellers ville det ikke kunne hende at hun opplevde dette henrykkelsens mysterium i drømme som hun aldri hadde kjent i våken tilstand.

Ein ung engelskmann forelskar seg i henne og vekkjer nye håp. Men heller ikkje denne gangen lukkast det. Og for å ikkje skuffa han og røpa "denne triste hemmelighet, at naturen so grusomt hadde forsømt henne", bryt ho med han. Boka endar med døden for dei begge.

Sinnsjukehusromanane
Både Professor Hieronimus og Paa St. Jørgen er tydelig sjølvbiografiske. Hennar eigen kamp mot ein overlege som insisterte på at ho var gal, medan ho sjølv oppfatta seg som overanstrengt og nedbroten, dannar utgangspunktet. Dei to sinnsjukehusromanane fortel om målarinna Else Kant som urettmessig vert definert som gal. Ho let seg friviljug leggjast inn, men får ikkje lov til å koma ut att. Viss pasientane gjer opprør, vert dei stempla som galne og missar alle rettar. Kvinnene på institusjonen kan visa medkjensle, forstå og trøysta, men dei òg må underkasta seg overlegen Professor Hieronimus for å halda på plassen sin. Men kva "vil det egentlig si å være sinnsyk?" spør hovudpersonen i romanen.
Else Kant vel å kjempa vidare mot professoren og det han står for. Dermed vert boka avslutta med håp i staden for fortviling. Boka Professor Hieronimus angrip personen meir enn systemet. Dette inntrykket vert forsterka ved at overlegen i Paa St. Jørgen er hans rake motsetnad.

Hellemyrsfolket
I Hellemyrsfolket følgjer Amalie Skram ei fattig slekt frå Nordhordland gjennom fleire generasjonar, og kampen deira for å få eit betre liv. I eit brev til Jonas Lie frå 1887 har ho fortalt korleis arbeidet med det fyrste bindet i romansyklusen, Sjur Gabriel, byrja:
Jeg sat og lavede på en fortælling om en gut, som lider meget i sin barndom og dør som attenårs student. Da jeg var kommet et stykke ind i fortællingen, måtte jeg ha hans foreldræs fortid med. Jeg gik da tilbage til dem … Da jeg so hadde fåt ferdig en hel del om forældrene, måtte jeg også skildre deres slægts fortid og so sprang jeg til guttens forældres besteforældre, som er Sjur Gabriel og Oline.

Og etter at verket var fullført i 1898 skreiv ho til Bjørnson:
Jeg ville prøve å vise hvordan det i det virkelige liv kunne gå til at noen ble tyver og lovovertrædere, mens so mange ikke ble det.

Johan Ludvig Alver har skrive at då systera hans budde hos ham for å skriva tredje del av Hellemyrsfolket, kunne ho kome ut frå rommet sitt om kvelden heilt oppløyst i gråt og seia at ho hadde hatt "ein god dag". Det ville seia, ho hadde fått skrive mykje om det "tristaste triste".
Det er i Hellemyrsfolket Amalie Skram mest konsekvent har prøvd å følgja naturalismen sitt program om å etterprøva arvas og miljøets determinerte verknad på enkeltmenneskas liv. Sivert Myre, som vert følgt i tre av binda: To Venner (1887), S.G. Myre (1890) og Afkom (1898) vert følgt av den skamma det er å vera barnebarn av den drikkfeldige Oline frå Hellemyren. Han var då òg årsaka til hennar død. Og han stel, lyg og diktar livet sitt om. Men forfattaren gjer han ikkje berre til eit produkt av sine omgjevnader, ho stiller òg spørsmål om ansvar og val. Kunne Sivert handla annleis, eller er han eit fullstendig determinert menneske?
I S.G. Myre og Afkom vert òg lagnaden til søskenparet Severin og Fie Myre følgt. Mest av alt vert det fokusert på den belastninga det er å ha en vond mor. Ikkje berre fattigdom, men òg mora si kjærleiksløyse øydeleggjer deira livssjansar.
Då Hans Aanrud hevda at Amalie skreiv om ondskapas makt i Afkom, tok ho skarpt igjen:
Jeg har aldri skildret ondskapen, for jeg har aldri møtt den på min vei. Det som overfladiske og doktrinære mennesker kaller ondskap, er for meg nødvendigheter, resultater. Har jeg villet noe med hva jeg har skrevet, so har det vært å bringe en og annen til å forstå, til å se og dømme mildt.

Dette verket er, i likskap med ekteskapsromanane, djupt pessimistisk. Dei mannlige hovudpersonane går under. Og to av dei viktigaste kvinnelige hovudpersonane, Oline og Petra, er utilstrekkelige som mødre. I den velståande konsulfamilien Smidt, som vert kontrastert med familien Myre, er det rett nok generøsitet og kjærleik. Men den yngre generasjonen der lid av livsleie og splitting. Likevel er ikkje verket utan håp. Kjærleiken mellom søskena framstår som det einaste forholdet som er friteke frå undertrykking og øydelegging. Dette perspektivet vert ført vidare i den uavslutta og merkelige romanen Mennesker, i skildringa av kjærleiken mellom søskenparet Sven og Anette.
Tittelen på denne romanen viser òg ei forskyving i Amalie Skrams interessefelt, over mot ei stadig sterkare allmenngjering av de problemfelta ho krinsa om. Det er ikkje berre kvinners og menns kjønnsspesifikke livsforhold ho er oppteken av å forstå og forklara. Ho prøver òg å finna svar på kva eit menneskeliv er. På eit kladdeark frå slutten av hennar liv kan me finna eit av hennar forsøk på å formulera eit svar:
… en menneskesjel er en klode som uantastelig svever om i universet, det endeløse, det evige.

Fyrste bind i Hellemyrsfolket, Sjur Gabriel, tek til i 1820-åra og fortel om ein småbrukar- og fiskarfamilie i Hellen, rett nord for Bergen. Familien slit dag og natt, inkludert kona Oline, når ho ikkje er full. Ho har fødd ni ungar på tolv år, men berre fem av dei levde opp. Livet ho enda opp med er so forskjellig frå det ho drøymde om då ho var sytten år gamal og forlova med ein engelskmann, om me skal tru ho sjølv: "Han ville ha tatt meg te kåna si og tekje meg mæ seg åt Paradis, men so gjekk han sta å drukna, tøskjen." Men livet er ikkje so verst heller. Når ho berre fekk koma seg til byen og få tak i ei flaska, var det "likevel gildt i verden". Sjølv om Sjur Gabriel slo henne iblant, var han ikkje langsint. Grunnen til at han slo henne var alkoholbruken hennar.
Men Oline vert sjuk og må sendast på sjukehus, medan Sjur Gabriel må vera heime og arbeida. I tillegg har Oline nettopp fødd ein liten gut, døypt Vesle-Gabriel etter faren. Faren må òg passa på ungen og vert til slutt veldig glad i han. Han let ikkje nokon annan koma i nærleiken av ungen. Han ser på Vesle-Gabriel som ei tilgjeving på ei gammal synd han gjorde i ungdommen sin. Men etter ei tid med sjukdom, døyr Vesle-Gabriel. "Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren." er den siste setninga i boka.
Sjur Gabriel var Amalie Skrams bok nummer to og var kunstnerisk sett eit lang steg fram frå Constance Ring. Komposisjonen er stram og fast. Som i alle romanane sine framstiller ho helst i scener, dernest gjennom personens tankar. Replikkane som er i rein dialekt: Nordhordlandsmålet og bergensmålet høyrest veldig ekte ut (sjølv om ho seinare har vorte kritisert for formfeil på Nordhordlandsken).
Same året kom bok nummer to, To Venner. Handlinga går føre seg i byrjinga av 1850-åra. Sønene frå Hellemyren er no arbeidsfolk i Bergen. Jens liknar på faren og Magne på mora. Dottera Ingeborg vart gift litt høgare oppe på den sosiale rangstigen. Deira felles problem er mora, som no vandrar rundt i gatene under namnet <Småfylla>. Saman med Tippe Tue er ho ofte til fryd for ungeflokkane i byen, men til skam for eldste sonesonen, Sivert Gabriel. For å sleppa vekk frå <Småfylla> bestemmer guten seg for å dra til sjøs med barken To Venner. Det meste av denne boka vert fylt med Sivert sine opplevingar til sjøs. Men akkurat som farmora brukte brennevin, tyr han til løgn og omdikting av røynda for å unngå pinlige realitetar.
Tredje bind, S.G. Myre (1890), fortel vidare om Sivert. Han missar jobben sin hos kjøpmann Munthe på grunn av at han hadde komen dottera for nær. Men konsul Smith hjelpte han med sin eigen kjellarhandel på Strandsida – mot at han giftar seg med konsulens husjomfru Petra. Sivert vert vitne til at Sjur Gabriel døyr. For å unngå ei pinlig scena med <Småfylla>, slår han henne like hard som Sjur Gabriel hadde for vane. Men denne gongen døyr ho av det.
I fjerde bind, Afkom (1898), går handlinga føre seg i 1870-åra. Sivert-familien strevar for å hevda seg overfor overklassen og slå gjennom økonomisk. Sivert prøver på ærlige og uærlige måtar å skaffa pengane som trengst til å halda ungane på dei same skulane som barna frå overklassen. Og gjennom den nære kontakten får barna, Severin og Fie, sterkare oppleva avstanden mellom klassane. Severin, som liknar på faren, fuskar for å hevda seg, og då han forelskar seg i Lina, får han kjensler av sosialt mindreverd. Fie forelskar seg i løytnant Riber og vert utnytta av ham, men han forlovar seg med Lina. I ein svak augneblink stel han frå sin beste ven, vert avslørt, og overmanna av skamma gjennomfører han det sjølvmordet faren prøvde på ein gong.
Etter å ha lest Afkom skreiv Gustav Wied at Amalie Skram var den mest stolte kvinne i verda: "Gud forbarme sig hvad er vi andre for nogen usselige Lus."
Skram sysla òg med planar om eit femte bind av Hellemyrsfolket: Afkoms Afkom. Men det vart med planane.

Analyse av Sjur Gabriel
Sjur Gabriel er ein problemorientert roman. Problema som vert tekne opp, er fyrst og fremst fattigdom, alkoholproblem og død. Familien i Hellemyren er veldig fattige, og Oline har problem med å styra trongen etter alkohol. På slutten av boka ser me at både Oline og Sjur Gabriel lar alkoholen ta overhand over livet deira. Årsaka til dette er at vesleguten deira døyr av strupehoste, og dette taklar dei ikkje.
Eit døme på korleis røynda vert skildra er når vesleguten deira, Vesle-Gabriel, får eit anfall av strupehoste:
Anfallet blev heftigere og heftigere. Det brøt og knaket i barnets bryst, mens det hev og hikket efter været. Øinene rullet villere enn noensinne. Pupillene vrengtes inn under øienlukkenes hjørner. Der blev de stående som fastnaglet med en død stirren. Hodet boredes bakover, brystet stod høit i været. Den knurrende lyd inne fra halsen, den blåsorte farve, den dryppende svette, det hvitgule skum – alt sammen kom igjen. Og so den forferdelige stivhet, den isnende kulde i legemet, de små fingrer so fast knyttet at neglene var blåsorte.

Kjenneteikna på naturalismen er tydelig tilstades i denne kroppslige skildringa. Me får høyre om sveitten, skummet rundt munnen og det stive legemet på ein brutal måte.
Naturalismen er deterministisk dikting. I Sjur Gabriel ser det ut til at ungdomssynda til Sjur Gabriel, då han grov ned spedbarnet i jordgolvet i eit fjøs, heimsøkjer han og er ei årsak til at Vesle-Gabriel døyr. Han trur at det er ei straff frå "den strenge, gromme Gud der oppe."
Den fattigdomen som Sjur Gabriel og familien lever i, er det umulig for dei å unnsleppa. Dei vert hjelpelause produkt av arv, miljø og lagnad. Alt dette er tydelige teikn på at me har med ein naturalistisk tekst å gjera. I kapittelet om naturalismen står det at naturalismeforfattarane nytta ein spesiell teknikk, nemlig å <forsvinna> bak stoffet. Heile Sjur Gabriel er prega av denne teknikken. Me får høyra historia utan at forfattaren kjem til syne. Det er ikkje forfattarkommentarar i boka, men det er likevel ei viss vurdering i ordvalet til Amalie Skram. Til dømes skriv ho at "Gården han eide var so ussel å se til, at den mest lignet en utmark, og huset han bodde i ikke større enn en plasshytte." Ordet <ussel> vert brukt for å skildra korleis huset ser ut, og framstellinga er då på sett og vis prega av forfattaren sitt syn. Ho vil at me skal sjå garden som ussel og fattigslig. Diktinga skulle undersøkja og skildra tilhøva, og lesarane skulle forstå at personane måtte handla slik dei gjorde. Gjer me det i Sjur Gabriel? Forstår me korfor Sjur Gabriel vert alkoholikar? Ja, me ser tydelig at årsaka ligg i dødsfallet til Vesle-Gabriel. Me forstår òg til ein viss grad korfor Sjur Gabriel pryler Oline etter ho stakk av frå båten for å få tak i brennevin. Sjur Gabriel er altså ein typisk naturalistisk roman. Han har alle trekka til den naturalistiske skrivemåten, som til dømes brutale fattigdomsskildringar, pessimistisk menneskesyn og determinisme.

Les mer om Amalie Skram her:
http://www.daria.no/skole/?tekst=2949
http://it-student.hivolda.no/prosjekt/v01/913-Amalie_Skram/index.htm
http://fuv.hivolda.no/prosjekt/gullato/amalieskram.htm
http://www.bokselskap.no/forfattere/skram
http://snl.no/.nbl_biografi/Amalie_Skram/utdypning
http://snl.no/Amalie_Skram
http://www.kvinfo.dk/side/170/bio/1282/query/skram/
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Amalie_Skram

Debatt i Digitalarkivet:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe...p;antall=&spraak=

Kilde:
https://www.geni.com/people/Amalie-Skram/6000000007452774423
Notes for Bernt Ulrik August (Spouse 1)
Last Modified 11 Apr 2020Created 1 Jun 2020 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland. Main page: http://www.look.no/anita/slekt