Den 8/8 vart det halde registrering av Herborg Hjelvik sine midlar. Saka kom første gong opp på hausttinget 14/11 1712 som “leiermålsak”. Ho hadde levd saman med Lars Vemundsen Håland - og fått barn med han i 1713 medan ektemannen Ole Jensen var i kongens si teneste som soldat. Ole må vera avgått ved dødten der kring 1713/14, sidan det då vart halde registrering. I 1717 gifte så enkja seg med “sambuaren” sin. Lars V. var i 1711 nemnd dreng hjå Ole og Herborg. I 1719 er det sagt om Lars at han var ein dyktig gardbrukar.