Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameIvar Monsen Lerøy
Birthca 1657, Sund
Death1729
FatherMons Knutsen Lerøy (ca1628-)
MotherAnne
Spouses
Birthca 1659, Sund
Death1721
Alias/AKAFørre
FatherPeder Pedersen Førde (ca1615-)
MotherSigneue
ChildrenMikkel Ivarsen (1684-1750)
 Marta Ivarsdatter (ca1687-ca1755)
Notes for Ivar Monsen Lerøy
Ivar bygslar Øvre Birkeland frå ca 1680. Bruket blei delt i Ivar si tid. De hadde kanskje flere barn enn dette.

'Soknepresten i Fana skriv i eit brev, datert 7.1.1723, til stiftamtmannen i Bergen om 'den store Nød, Jammer og Elendighed' som har ramma folka på Øvre Birkeland. Ved midnattstid 11. november året før 'opstod en forskrækkelig Ildebrand paa uforklarlig Viis' i eit lite hus ved sida av eldhuset til Ivar Monsen. Været var 'skrækkelig' med storm og snøfokk. Det tok ikkje meir enn ein time før elden hadde 'fortæret' 27 hus. Alt høyet og kornet som nett var treska, blei ødelagt. Berre fjøsa til Salomon Andersen og Steffen Andersen blei redda. Folk frå grannegardane klarte å berge husdyra deira og dessutan nokre av beista til Ivar Monsen og Nils Jørgensen, emn dei to miste likevel 8 kyr. Det heile skjedde så fort at dei fekk ikkje med seg korkje klede eller anna. Ein fire år gamal gut brann inne, og eit anna barn døydde av kulde. For å hjelpe brukarane den fyrste tida ba soknepresten om at dei måtte få løyve til å be om 'almisse' i byen, og at det måtte bli tatt opp kollekt til dei i Fana, Sund, Os, Haus og Hamre prestegjeld. Dette blei visttnok innvilga av stiftamtmannen, og dessutan ville han gi futane sine i Nord- og Sunnhordland ordre om at dei på vårtinget skulle fortelje om hendinga og samle inn pengar til folka på Øvre Birkeland.'
Last Modified 26 Jul 2004Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.