Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameAnnanias Christopher Harberg
Birth1696
Death27 Jul 1760, Vik, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
OccupationFogd i Sogn
Spouses
Birth24 Dec 1712, Leikanger, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
Death7 Apr 1770, Leikanger, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
FatherIver Iverssøn Leganger (1680-1750)
MotherMette Dorthea Bugge (1690-1750)
ChildrenAnna Sophia Randulf (1755-1834)
Notes for Annanias Christopher Harberg
Annanias Christoffer Harberg Annanias Christoffer Harberg (1696-1764) Fut i ytre Sogn 1734-1764, busett i Bjordal. Harberg var ein av dei rikaste menn i Sogn på 1700-talet, og eigde ei mengd gardar langs heile fjorden. Han fekk hand om garden i Bjordal kring 1735, og bygde m.a. eit staseleg herskapshus. Dette vart i 1773 rive og flytta til Alværa, der dottera Christine Harberg og svigersonen Simen Hansen slo seg ned. Simen Hansen tok over som fut i Sogn då Harberg døydde.

Futegardane i Bjordal og Alværa På slutten av 1600-talet vart folk frå den danskætta kjøpsmannslekta Bager i Bergen eigarar av storgarden Bjordal på sørsida av Sognefjorden. Niels Bager var kaptein, og sonen hans, Johan (Jan) Nielssen Bager gjorde karriere i embetsverket og enda opp som kanselliråd. I 1728 selde han Bjordal til futen Henrik Arnoldus Thaulow. I 1734 selde Thaulow Bjordal til soknepresten i Os ved Bergen for 624 riksdalar, så det var ein retteleg storgard det var tale om.

Presten i Os hadde røter i Sogn: Han ætta frå den rike Leganger-slekta i Leikanger og Vik. Bjordal vart futegard Kring 1735 fekk futen Ananias Christoffer Harberg hand om Bjordal og busette seg der. Tunet på futegarden i Bjordal låg på eit høgdedrag eit stykke opp frå sjøen. Ananias Harberg var sonen til ein sokneprest i Ulstein. Men det hadde nok større betydning for ”familieformuen” at Ananias vart gift med Kirsten Finde, dotter til den søkkrike Førde-presten Peder Jørgenson Finde.

Det er grunn til å tru at ho hadde med seg eit dugeleg medgifte då ho ekta Ananias Harberg. Ananias Harberg vart fut for ytre Sogn, truleg var han også ei tid fut for indre Sogn, sjølv om futedømet Sogn vart delt i eit ytre og eit indre i 1630. Harberg slo nemleg under seg ei mengd gardar i heile Sogn, så det er tydeleg at han har halde seg godt orientert om heile distriktet. Det er tydeleg at han hadde forretningssans, for i skiftet etter Harberg og kona i 1771 var formuen verdsett til 4314 riksdalar.

Tre av sønene til Ananias Harberg vart juristar, og ein av dei, Hans Otto Harberg, tok over garden i Bjordal då futen Harberg døydde i 1760. Hans Otto var gift med ei kvinne frå Rumohr-slekta på storgarden Rikheim i Lærdal. Ein annan bror, Samuel Harberg, vart sokneprest i Hafslo, men drukna nokre år seinare i Hafslovatnet. Broren Peder Harberg arva då alt jordegodset som Samulen let etter seg, m.a. garden Søreide like aust for Bjordal, man han sulla bort alt han eigde i drikk og svir. Futen flytta til Alværa Den mest interessante av borna til futen Ananias Harberg var likevel Christine Finde Harberg. Ho gifta seg med Simen Hansen som tok over som fut i ytre Sogn då Ananias Harberg døydde i 1760. Christine Finde Hansen arva garden Alværa ved Lavik etter faren, og saman med futemannen sin busette ho seg der i 1773. Dei reiv då den staselege futegarden i Bjordal og sette huset opp att i Alværa der det framleis står.

Huset i Alværa er freda og restaurert. Over den staselege barokkdøra mot sjøen kan ein framleis sjå initialiane "SH" som står for Simen Hansen. Simen Hansen, fut og sjørøvar Futen Simen Hansen kom opphaveleg frå Danmark. Han var ein umåteleg grisk mann som samla seg store rikdomar: Då ei hollandsk skute forliste ved Utvær i Solund, reiste han saman med ein lokal lensmann ut og stal med seg skattane som var ombord. Den hollandske eigaren fekk høyre om dette, kom til Sogn og truga fut Hansen med halshogging dersom han ikkje leverte tilbake det han hadde røva frå vraket. Det enda med forlik, og futen berga halsen. Men han miste embetet. Då han drog frå Alværa vart det sagt at dei måtte bruke hestar for å frakte alle sølvskattane hans til sjøs.

Eidvollsmannen Holck frå Alværa Ei av døtrene til den avsette futen Simen Hansen vart i 1812 gift med kaptein Ole Elias Holck. Han hadde vakse opp som offiserson i bygda Leirvik nokre mil lengre vest. I 1814 vart Ole Elias Holck ein av dei fremste mennene under riksforsamlinga på Eidsvoll. Etter framlegg frå kaptein Holck vedtok riksforsamlinga som paragraf 1 i Grunnlova at Noreg skal vere "….et fritt, udeleligt og selvstendigt Rige". Sjølv ikkje i den amerikanske grunnlova, som i stor mon var førebiletet for den norske, var kravet om sjølvstende og fridom formulert så klårt. Ole Elias Holck var stortingsmann i fleire periodar.

Like ved gardstunet i Alværa vart det i 1914 reist minnestøtte over Eidsvolls-mannen. Han ligg gravlagd ved Lavik kyrkje. Embetsmennene i Alværa eigde også kyrkja i Lavik. Den vart skøytt over til bygdefolket i 1857. I 1889 vart Alværa gard seld til Bjørn Eriksen Fjærestad frå Balestrand.

Kilde, GENI:
https://www.geni.com/people/Ananias-Harberg/6000000005440875511?through=6000000005440875474
Last Modified 5 Aug 2023Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.