NameÅmund Askjelson Fjose , 8G Grandfather
Birthbef 1645
Deathabt 1692
OccupationB. på Fjose og lagrettemann i 1669
Alias/AKAOddmund
Spouses
Birth1658, Bygde, Vinje, Hordaland, Norway
Death1724, Voss, Vestland, Norge (Norway)
Alias/AKALarsdatter? Myrkdalen
Notes for Åmund Askjelson Fjose
Munkeliv kloster åtte ikring 1480-90 5 laup i Fjose, som truleg var heile garden, sjå DN. XII nr. 257. Oluf på Fjose betalte i 1521 8 skill. i skatt og 4 mark i breffbrot. Arne var brukar 1563. Leidangsboki 1624 melder at leidangen for Apostelgodset var 1 pund smør, 1 geitskinn og 1 bukkskinn med Guttorm som leiglending. Jordi var toleg god, er det sagt. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset 1 spann med ½ dalar 6 skill. Askjel var brukar. Guttorm er skriven som leiglending fleire gonger 1603-1621 og Askjel Davidson likeins 1629-1664.
Han var g. fyre 1645 m. Dønåt og åtte i 1635 3 laup 18 mark jordgods. I 1661 og 1664 var sonen Åmund brukar saman med Askjel, og var lagrettemann i 1669.
Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen 21 mark smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 3 laup 1 spann Allehelgens gods, som han hadde fått 1649 ved makebyte med kongen. På det var utlogor 21 merker smør og 1 bukkskinn i leidang, 3 dalar 1 ort i skatt, 3 ort 6 skill. i fornødspengar, 3 ort 6 skill. i arbeidspengar og 1 dalar 8 skill. i avgift til jordeigaren. Askjel var leiglending. Sehested laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. I matrikelen 1661 er sagt at Fjose var 3 laup 18 mark som høyrde til Finnegodset. Klas Miltzow åtte Fjose i 1680. Åmund var eigar og brukar 1691.
Åmund har kjøpt Fjose i 1690 av Klas Milzow og var brukar frå fyre 1661 til han døydde. Gusskalk er skriven som eigar av heile Fjose i 1695 og 1701 og av 1 laup 45 mark i 1714 og 1730. Under ei rettsak i 1733 er upplyst at Åmund hadde brukt garden i 29 år og Gusskalk i 40 år. Ved skifte etter Guro i 1724 var Fjose versett 97 rd. og bruttomedelen var 340 rd. Borni har då fått kvar sin part i garden.