Bruk 1. Flògo. På Ytre Flògo eller Utigaren, som dei der oftast segjer, var det berre eit bruk. Eiliv Mikkjelson har 1709 fått skøyte frå far sin på 1 laup 18 mark i garden med bygsel og overbygsel til 1 pund 12 mark som fru kancelliraad N. Alstrup åtte. Ho har i 1761 fått skøyte på løysningsretten til det ho åtte i den garden og til 2 laup i Indre Flògo for 35 rd. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. Eiliv døydde 1772, 97 år 11 månader gamal. Kona hans, Brita Gusskalksdr., døydde 1776, 86? år gl. Borni deira var: Gusskalk, Lars Skjelde, Erling, som var død fyre 1772 og hadde etter seg tri born, Mikkjel Akslabjørg, Marta, g. m. Halldor Rasmusson Tysse og Brita, g. m. Olav Johannesson Lekve.
Gusskalk Eilivson fekk i 1760 skøyte frå far sin på garden, etter at han hadde freista med å ta upp tingsvitne. Gusskalk sa at faren hadde lovt han garden, og han hadde difor flytt dertil um våren frå Prestegarden, der han hadde vore paktar. No vilde faren ikkje halda ord, sa han. Nokre dagar deretter har han fått skøyte. Gusskalk vart ikkje lenge buande på Flògo. Han bytte i 1767 med Gusskalk Olavson uti 1 laup 6 mark i Uppheim, Vestb. Han bytte att i 1769 med Berge Sjurson, som flytte til Flògo, men døydde alt i 1770, 38 år gamal. Han var g. m. Eli Torgeirsdr. Kilde:
http://www.ullstad.com/