Olav og Anna bodde på Tren.
“Olav Nilsson gifte seg 1723 m. Anna Oddsdr. Sonve f. 1695. Han fekk same år skøyte frå Arne Olavson på 142/5 mark, Jon Brynjulvson 1 spann, Guro Olavsdr. 71/5 mark, Nils og Anders Eimstad 2 spann og Brynjulv Liland 1 spann. Olav fekk noko jordgods på Tren i 1745 hjå Arne, farbror sin, som då fekk kår.
Olav åtte då ialt 1 laup 30 mark. Han bygsla 1735 1 laup 54 mark på Øvre Rykke til Knut Torbjørnson. Olav og Anna fekk borni: Ingjerd f. 1726, g. 1. m. Eirik Knutson Stora Saude, 2. 1751 m. Anders Arnfinnson Ullestad og Nils f. 1728. Olav døydde 1770 og Anna 1775.
Nils Olavson vart g. 1750 m. Anna Larsdr. Skjerveggen. Han fekk 1754 som gåva hjå far sin 3 spann og kjøpte 1765 3 spann av han. Nils og Anna fekk sju born: Nils f. 1751, Marta f. 1754, g. 1775 m. Mikkjel Henrikson Øvre Rykke, Anna f. 1756, g. 1782 m. Jon Nilsson Skylje, Olav f. 1758, Ingjerd f. 1760, g. 1786 m. Knut Olavson Hosås, Kari f. 1764, g. 1787 m. Bård Halldorson Lunde og Nils d. y. f. 1768. Nils Olavson skifte garden millom sønene Olav som fekk bruk 1, og Nils d. e. som fekk bruk 2. Nils Olavson døydde 1798.“
Kilde og mer:
https://www.ullstad.com/vossaboki/tren.php