“Steffa Nilsson Helleve f. 1678, gifte seg 1709 m. Gjertrud Ivarsdr., nemnd ovanfor, og 1723 m. Soffi Massdr. Seve f. 1705, dotter åt lensmann Mass Seve. Steffa bygsla 1709 1 laup 18 mark og døydde 1733.
Ho Soffi gifte seg att 1736 m. Arnved Jonson Vestrheim, Ulvik. Han bygsla same år Skjerve av Henrik Miltzow. I 1748 kjøpte han 2 laup på Berge av Johannes Larsson og 1760 halvparten av Skjerve av fru Inger Fürstenberg Alstrup. Deretter makebytte Arnved halvparten av eigedomen sin på Berge til versonen, Mikkjel Sveinson, uti halvparten av Skjerve, som Mikkjel hadde kjøpt 1760 av fru Alstrup. Arnved var no eigar av heile Skjerve.
Arnved døydde 1765, 54½ år gl. Soffi døydde 1786 og skifte vart halde på Bokkatun. Steffa og Gjertrud hadde borni Nils f. 1712 og Ivar f. 1716, som båe døydde ugifte 1736.
Steffa fekk med Soffi fire døtter: Gjertrud f. 1726, g. 1745 m. Johannes Henrikson Opeland og døydde 1788 på Brurestolen, Ingebjørg f. 1727, g. 1755 m. Torgeir Monsson på Bokkatun, Torbjørg f. 1730, g. 1748 m. Knut Arnfinnson på Gjerde, Sigrid f. 1732, g. 1757 m. Mikkjel Sveinson Fenno.
Arnved og Soffi fekk tri døtter: Brita f. 1743, g. 1766 m. Mattis Monsson Bokkatun på Berge, Soffi f. 1747, g. 1771 m. Erling Olavson Grovu, Marta f. 1739. Ho gifte seg 1761 m. Lars Steffason Melve og 1767 m. Lars Larsson Bjørku f. 1742. Lars Steffason fekk skøyte 1762 frå verfaren på 1 laup 18 mark som vart bruk 1.“
Kilde:
https://www.ullstad.com/vossaboki/skjerve.php